I anleiing kvinnedagen arrangerar vi nytt frokokstmøte, denne gong om kvinners posisjon på bustadmarknaden.
Er bustadpolitikken likestilt?
5. mars arrangerar vi den tredje samtala i serien, og denne gongen skal vi snakke om eit tema som får lite merksemd i bustadpolitikken - likestilling og kvinners posisjon. Korleis er det å bryte ut av ein relasjon og plutseleg stå aleine med omsorg for barn, når du ikkje kan kjøpe ny bustad? Og kor skal kvinner på krisesenter flytte?
Med oss i samtala har vi leiar i MIRA-senteret Khansa Ali, leiar i Aleneforeldreforeningen Cathrine Austrheim og forfatter Madeleine Schultz.
Ein knallhard bustadmarknad
Akkurat no er det mange som opplever at bustadmarknaden er vanskeleg. Det er vanskeleg å få kjøpt seg ein bustad dersom du ikkje har nok eigenkapital, og det er også vanskeleg å finne ein leigebustad med overkommeleg husleige og god nok plass. Jo færre privelegier du har, jo vanskelegare blir det. Mange kvinner jobbar i lavtlønnsyrker og endar opp med heil eller delt omsorg for born etter eit samlivsbrot. Kor skal desse kvinnene bu? For nokre blir avkall på privatliv og eige soverom løysinga, og mor bur på stova medan borna delar soverom i den nye bustaden. Kjem du deg inn på bustadmarknaden og får kjøpt deg noko, er du kanskje redda, men til hvilken pris? Høge låne - og rentekostnadar treffer einslege hushandlingar hardt, og prisen å betale for å kome seg inn i ein egen bustad som du sjølv eig, fører kanskje til ein stram hushaldningsøkonomi med lite rom for uføresette utgifter.
For andre er det leigemarknaden som er det einaste alternativet. Då forsvinner butryggleika, og ein blir henvist til ein marknad med kortsiktige leigekontrakter, trangboddhet, lav standard og hyppige husleigeaukar. Borna står i fare for å måtte bytte skulekrets, og det blir vanskeleg å slå seg til ro.
Krisesenter
Ei gruppe som er meir sårbar enn dei fleste, er kvinner på krisesenter. I ein artikkel på NRK fortel Krisesentersekretariatet at mangelen på bustadar etter endt opphald på krisesenter kan føre til lengre opphald på krisesenter. Det er stor mangel på kommunale bustadar i norske kommuner, og når også den private leigemarknaden er pressa, må desse kvinnene og borna deira leve i limbo.
Om panelet:
Khansa Ali er leiar i MIRA-senteret, eit ressurssenter for kvinner med minoritetsbakgrunn. Cathrine Austrheim er leiar i Aleineforeldreforeninga, og Madeleine Schultz er samfunnsdebattant og forfatter av bøker som Morslinjer og Verden brenner og vi skriver om våre barn.
Praktisk om samtalen
Arrangementet er gratis og åpent for alle. Det blir frokost frå klokka halv ni, og samtala startar klokka ni på Cafe Saba i Hollendergata 10 - rett ved politi-huset/Grønland kirke (kartlenke). 37-bussen stopper rett ved.
Du må fylle ut eit skjema slik at vi vet kor mange som kjem.
Meld deg på ved å klikke her: Påmeldingsskjema
Om denne serien: Kvifor er det så lite vilje til å endre bustadpolitikken, når utfordringane er så store? I denne samtaleserien skal vi utforske ulike delar av bustadpolitikken saman med kloke gjestar som kan og meinar mykje om norsk bustadpolitikk. Samtalene er sponsa av Husbanken.