Retten til bustad - eit sosialfagleg perspektiv
Bilde av bygård med et banner hengende fra balkongen, det det står "Reduser husleia"
Bilde av bygård med et banner hengende fra balkongen, det det står "Reduser husleia"

Retten til bustad - eit sosialfagleg perspektiv

I eit sosialfagleg perspektiv er retten til bustad og ein sosial bustadpolitikk avgjerande for å bekjempa fattigdom og gje menneskjer i kriser grunnlaget dei trenger for å klara seg og bløma. Om me skal sjå heile mennesket, må velferdsstaten ta tilbake ansvaret for tak over hovudet.
Publisert:

Retten til bustad - eit sosialfagleg perspektiv
Av Albert Andersen Øydvin, sosionom i Leigebuarforeininga

Retten til ein høveleg bustad er nedfelt i FN sin konvensjon om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar. Alle skal kunne bu i sikkerheit, fred og verdigheit. Dette er ein måte å sjå bustad på, som ein rett, som diverre er ganske langt frå røynda i den norske bustadmarknaden.

Ein stor og voksande del av befolkninga er i dag i praksis utestendgde frå å kjøpa sin eigen bustad og dei som kjøper opplever høge gjeldsbyrder og øknomisk usikkerheit. Leigesektoren er prega av midlertidigheit, høge leiger, uønska flyttingar, varierande kvalitet på bustadane, trussel om utkasting og skeive maktrelasjonar mellom utleigar og leigebuar.

Velferdsstaten og bustad

Denne situasjonen gjer noko med evna vårt som samfunn til å ta vare på kvarandre. Me veit alle at livet ikkje går rett fram. Gjennom åra opplever me alle kriser av ulikt slag. For mange går det greit, for nokre går det ordentleg dårleg. Det er difor me har velferdsstaten. For at me skal kunne ta vare på kvarandre. Både når det går skikkeleg dårleg, men og når det berre går heilt greit, før det skjær seg heilt.

Jamnt over trenger me at nokon ser oss som heile menneskjer og ikkje berre ser det som går værst. Når ungdommar mistrivst på skulen og ikkje fullfører, er det lett å berre fokusera på skulen og den manglande motivasjonen til ungdommen. Når folk opplever arbeidslause, psykisk uhelse eller kriser i familien er det ogso lett å fokusera på dei problema ein ser fyrst. Det er sjølvsagt heilt naturleg og ofte rett. Det er jo ein grunn til at me opplever det som viktig å ta tak i det som er akutt.

Heimen

Samstundes er ofte ikkje hasteinnsatsane nok over tid. Om me kun ser dei kan me gløyma andre samanhengar som burde vore teke tak i. Det er her bustad kjem inn i bildet. Folk er ikkje folk berre skulesluttarar, arbeidslause, psykisk uvell eller i familiekriser. Dei er knytta saman med folk gjenn ulike nettverk og arenar der livet skjer. Ein av desse arenane er heimen.

Det er ingen av oss som ikkje trenger ein bustad, det er eit grunnleggande behov. Og oftare enn motsett heng behova våre saman. Utdanning heng saman med bustad. Bustad heng saman med psykisk uhelse. Psykisk uhelse heng saman med arbeidslause. Arbeidslause heng saman med kriser i familien. Kriser i familien heng saman med bustad.

Lada batteria

Ein høveleg og trygg bustad vil med andre ord alltid vera ein del av bildet. Enten det går høveleg grei med bustaden om dagen eller det er like før ein vert kasta ut, er det noko som vil påverka alle dei andre delane av liva våre. Enten som ein trygg grunnmur og fristad der ein kan lada batteria. Då må me ta vare på dette og bygga på det. Det kan og vera ei kjelde til usikkerheit og uro, som gjer det vanskeleg å meistra livet i på dei andre arenane. Då må det takast tak i bustadsituasjonen.

Det er diverre her velferdssystema våre for ofte endar opp med å sei variantar av at “dette får ikkje me gjort noko med”, “ikkje vårt ansvar” eller “det har me ikkje til og pengar til”. Og dette handlar om at me i Noreg i stor grad har skilt ut bustaden frå velferdstaten og overlete den til marknaden. Det var ikkje alltid sånn. Fram til 80-talet stod den sosiale bustadpolitikken sterkt, på lik linje som andre velferdsgoder som gratis utdanning og helsestell.

Uhandterlege bustadlån

Når dette endra seg med marknadsvendinga i bustadspolitikken, endra ogso synet vårt på bustad seg. Det gjekk frå å vera eit fellesansvar til å bli eit individuelt ansvar. Den enkelte må ta ansvar for å ta opp stadig meir uhandterlege bustadlån, samstundes som leiebuarane må takka seg sjølv når dei ikkje har klart det.

Denne politikk- og haldningsendringa har hatt svært store konsekvensar for mange leigebuarar. Mange kjenner seg mislukka fordi me ikkje har klart å leva forventningane om å klara seg sjølv og kjøpa bustad. Men me er ikkje mislukka. Det er bustadmarknaden som er mislukka, når den ikkje har sikra retten vår til ein høveleg bustad, i sikkerheit, fred og verdigheit.