Bilde av Boligbyggs bebuarråd
Boligbyggs bebuarråd er eit døme på leigebuarmedvirkning. På bildet er dagleg leiar Marit Jacobsen Leganger i samtale med rådet under ein bebuarkonferanse. hausten 2021. (Foto: Strikken Studio)

Leigebuarmedverknad

Kontraktsfornying, høge husleiger og dårleg vedlikeholdte bustadar er typiske tema som leigebuarar er opptekne av. Men kva med retten til å medvirke? På oppdrag frå Kommunal- og distriktsdepartementet har Leieboerforeningen skrive rapporten Leigebuarmedverknad, der vi drar historiske linjer til boligsamvirket og ser på gode døme på medverknad frå andre land og i Noreg.
Publisert:

Rapporten Leigebuarmedverknad vært offentleggjort på departementets nettsider i mars, men her kan du lese litt om det vi skriver om.

Kva er leigebuarmedverknad?

Den norske bustadpolitikken ligg til grunn for at dei fleste av oss bur trygt og godt i eigen bustad. Sjølveigardemokratiet er godt utvikla, og gjennom lovverk og kultur har vi gode system som sikrar at den enkelte skal ha stor grad av sjølvråderett over bustaden sin. Parallelt med dette har vi ein sterk og tradisjonsrik kultur for kollektiv medverknad gjennom burettslagsmodellen.

I leigesektoren er situasjonen ein heilt annan. Leigebuarar sin rettsposisjon og butryggleik er lav, og husleigeloven gir lite rom for medverknad. Mange leigebuarar har ei oppleving av å være ein annanrangs bebuar, og at bustaden ikkje fullt ut opplevast som ein heim, fordi tidshorisonten for leigehøvet er kort, og råderetten over bustaden er lav. Antall leigebuarar i Noreg har auka med 90.000 mellom 2015 og 2020. Fleire leiger dessutan bustad over ei lengre periode enn tidlegare. For å auke bukvaliteten til oss leigebuarar, må vi ta i bruk fleire verktøy. Medverknad er et av desse verktøya.

Å få mulighet til å medvirke som leigebuar kan dreie seg om å mange ting. På individnivå snakkar vi om muligheten til å kunne male eller gjere andre endringar i leiligheten, eller å bestemme kor ein skal bu. Dette er valgmuligheiter som leigebuarar ikkje alltid har. Leigebuarar i kommunale bustadar har sjeldan moglegheit til å bestemme kor dei skal bu, og for mange leigebuarar med treårige leigekontrakter er det opp til utleigar om kontrakta blir fornya. Kombinasjonen av kortsiktige leigekontrakter og manglande rett til medverknad medfører dermed ein lav grad av butryggleik for den enkelte.

Systemnivå

På systemnivå handlar leigebuarmedverknad om å muligheten til å bli hørt, og til å kunne påverke forvaltning og politikk. Dette er saker Leieboerforeningen har jobba lenge med, og det gledar oss at både Kommunaldepartementet og Oslo kommune har oppretta eigne bebuarråd der rådets medlemmar får ei stemme direkte inn til forvaltninga. Vi jobbar også for at fleire kommuner skal opprette slike sentrale råd, kobla opp mot enten politisk leiing eller forvaltning.  

Leieboerforeningen har lenge jobba for at leigebuarar sin rett til å medverke skal styrkast, og i den nye nasjonale bustadsosiale strategien Alle trenger et trygt hjem får vi lønn for strevet, for der skildrast medverknad som eit av verktøya for å oppnå hovedmål 2 – at leige skal være eit trygt alternativ.

Kvifor treng vi eit nytt omgrep?

Leieboerforeningen har i fellesskap med forskarar og fagmiljø ved VID Vitenskapelige høgskole utarbeida et nytt begrep som skal tydeliggjere rolla til leigebuarar. Innanfor helse- og omsorgssektoren, og også i boligsosialt arbeid, blir omgrepet brukarmedverknad ofte brukt. Vi i Leieboerforeningen meinar dette omgrepet ikkje er presist nok og at det er rom for eit nytt omgrep.

Fordi brukar-omgrepet gir assosiasjonar til helse- og omsorgssektoren, er det viktig å differensiere mellom brukar og bebuar. Det er også viktig at rolla som bebuar, i motsetnad til brukar, er ei rolle med breiare innhald og verdi. Rolla som bebuar definerast ikkje berre av relasjonen til dei som leverar tenester, men også av den enkeltes daglegliv og bumiljø. Difor lanserar vi no omgrepet leigebuarmedverknad, som også er eit nikk til det engelske omgrepet Tenants Participation.

Dei gode døma

Vi må sjå utover landegrensene for å finne dei verkelet gode døma på medverknad i leigesektoren i dag. Rammevilkåra i Noreg er ikkje gode nok, og innanfor den offentlege utleigesektoren ser vi det klart og tydeleg. Likevel finn vi sjølvsagt også gode døme på leigebuarmedverknad her i Norge. Nokre av dei har vi skildra i rapporten. Mellom anna trekk vi fram det byøkologiske forsøksområdet Svartlamon i Trondheim, der 240 leigebuarar har sikra sin rett til å medverke både på individ- og systemnivå. Bebuarane pussar opp som dei sjølve vil, utviklar nabolaga sine og har ei sterk bebuarforening som også er representert i boligstiftelsen.
Andre gode døme finn vi i Skytterdalen i Bærum, der bebuarane i ein kommunal gård har organisert seg i eit gårdstyre som har fått stor innverknad på bumiljøet, eller i Oslo, der den kommunale utleigaren har etabert eit sentralt råd der også Leieboerforeningen er representert.

Sidan vi etablerte bomiljøavdelinga i Leieboerforeningen i 2015, har medverknad og samarbeid med leigebuarar vore avdelingas viktigste prinsipp. Med denne rapporten løftar vi arbeidet med leigebuarmedverknad enno eit steg vidare, og i dei kommande åra planlegger vi blant anna å utvikle kurs i leigebuarmedverknad og å utvikle faget vidare i fellesskap med leiande forskarar på feltet.

Vi har store forventningar til regjeringa, som har lova både meir medverknad og styrka rettigheiter for leigebuarar, og vi gler oss til å lansere rapporten om eit par veker.