Bustadpolitikken retta mot vanskelegstilte har blitt underprioritert
Tøyen i Oslo er episenteret som har satt i gang en voldsom ny debatt rundt den kommunale boligpolitikken (Foto: Ssu, Wikimedia CC BY-SA 4.0)

Bustadpolitikken retta mot vanskelegstilte har blitt underprioritert

Noreg er eit av verdas beste land å bu i. Vi har rein luft, reint vatn og verdas beste velferd. Vi har gratis skulegang og studier, og eit offentleg helsevesen som følgjer oss frå vugge til grav uansett om adressa er Holmenkollen eller Holmlia. Og vi har Nav, som tross sine openbare manglar, gir oss tryggleik i sjukdom, arbeidsløyse og alderdom. Men ein viktig bit av velferden manglar. Det er den sosiale bustadpolitikken, som dei siste tretti åra har blitt meir og meir uthula, frå dereguleringa av bustadmarknaden på slutten av åttitalet til den nesten lydlause nedbyggjinga av Husbanken som foregår den dag i dag.
Publisert:

Av Anne-Rita Andal
LEIEBOERFORENINGEN

Publisert: 1. mars 2021 i Dagsavisen 

Vi tenkjer ikkje lenger over at bustadpolitikk er bytta ut med bustadmarknad, og alle veit at det er enkeltindividets plikt å skaffe seg ein plass å bu.

Og ikkje berre skal du bu – du skal eige din heim.

Skammen som følgjer med det å være leigebuar, er eit effektivt grep for at også leigebuarar fyrst og fremst definerar seg som framtidige bustadeigarar. Difor er det heller ikkje så viktig for oss å reparere dagens leigepolitikk, for vi skal jo likevel ein dag legge bak oss denne mellomfasa i livet, og få ta del i det store Vi.

Ein av konsekvensane av at bustadspørsmålet i stor grad har blitt ein privatsak, er at bustadpolitikken retta mot vanskelegstilte har blitt underprioritert og behovsprøvd slik at den ikkje lenger fungerer godt nok. Når vi veit at antal vanskeligstilte på bustadmarknaden har auka dei siste åra, er det særs viktig at vi har gode velferdsordningar for dei som ikkje klarar å skaffe seg ein stad å bu.

Kommunale bustadar er eit av dei viktigste og mest langsiktige bustadsosiale virkemidla vi har.

Men lovverket er mangelfullt både når det gjeld butryggleik og retten til bustad. Leigebuarar generelt har oftast kortsiktige leigekontrakter, høgare bukostnadar og trangare og dårlegare husvære enn bustadeigarane. Mange av dei vanskelegstilte på bustadmarknaden er ute av stand til å skaffe seg bustad på eiga hand, og blir henviste til den kommunale bustadsektoren.

Ein kommunal bustad kan opplevast som ein tryggleik, men dette handlar i stor grad om fridom frå det som opplevast som verre – å leige på den private marknaden. I ein kommunal bustad er det lettare å få bistand til kommunal og statleg bustøtte, og kommuna diskriminerar ikkje slik mange private utleigarar gjør mot vanskelegstilte.

Likevel har den kommunale bustadsektoren store utfordringar, og Leieboerforeningen har i lang tid jobba for å setje fokus på problema.

Jama-saken på Tøyen denne veka illustrerar ei av dei største utfordringane som både øydeleggjer for enkeltindivid, familiar, naboskapet og for den kommunale forvaltninga – den strenge behovsprøvinga av kommunale bustadar i Oslo. Kortsiktige leigekontrakter og prioritering mellom verdig trengjande er eit resultat av det storstilte kommunale nedsalget av bustadar som har foregått heilt fram til nyare tid.

Oslo kommune har i dag den lågaste dekningsgraden av kommunale bustadar i landet, samstundes som at hovedstaden har dobbelt så mange vanskelegstilte på bustadmarknaden som landsgjennomsnittet. Det seier seg sjølv at behovsprøving og gjennomstrømning er den einaste løysinga på kort sikt, men denne modellen har vist seg igjen og igjen å ikkje være bærekraftig. Bebuarane får ikkje slått rot, naboskap og lokalmiljø blir destabiliserte, og kommuna får unødvendige utgifter knytta til den slitasjen som kortsiktige buforhold medfører – for å nemne noko.

Dessutan er det svært skadeleg for eit bumiljø når alle bebuarane er vanskelegstilte, og mange av desse har tilleggsutfordringar knytta til rus og psykiatri.

Oslo kommune har i dag den lågaste dekningsgraden av kommunale bustadar i landet, samstundes som at hovedstaden har dobbelt så mange vanskelegstilte på bustadmarknaden som landsgjennomsnittet. Det seier seg sjølv at behovsprøving og gjennomstrømning er den einaste løysinga på kort sikt, men denne modellen har vist seg igjen og igjen å ikkje være bærekraftig. Bebuarane får ikkje slått rot, naboskap og lokalmiljø blir destabiliserte, og kommuna får unødvendige utgifter knytta til den slitasjen som kortsiktige buforhold medfører – for å nemne noko.

Dessutan er det svært skadeleg for eit bumiljø når alle bebuarane er vanskelegstilte, og mange av desse har tilleggsutfordringar knytta til rus og psykiatri.

Sosial bærekraft i bustadpolitikken er nyleg implementert i regjeringas bustadsosiale strategi – Alle trenger et trygt hjem (2020), men sett opp mot dagens organisering av den kommunale bustadsektoren landet over, framstår begrepet som ein floskel.

Parallelt med lansering av den nye strategien, har regjeringa foreslått ein bustadsosial lov som skal klargjere kommunens ansvar, men lovforslaget er svakt og vil i praksis gjere lite for vanskeligstiltes rettigheiter.

Det er gledelig at Oslo kommune skal gjennomgå regelverket for kommunale bustadar. Leieboerforeningen har ei rekke forslag for å hindre innelåsningseffektar og for å skape gode og stabile bumiljø. Oslo bør gå foran som eit godt døme for å omskape den kommunale bustadsektoren til gode og varige heimar. Men vi treng også ein nasjonal reform av den kommunale bustadsektoren, og ei styrking av vanskeligstiltes rett til ein verdig bustad. Debatten bør starte no.