Energi-renoverte rekkehus i Albertslund (BO VEST).

Bebuarmakt og prisregulerte bustadar

I Skandinavia skiljer Noreg seg ut med den marknadsstyrte leigesektoren. Både Sverige og Danmark har store, regulerte leigesektorar. Den danske modellen er tufta på bebuardemokrati og regulerte bustadar som alle kan få tilgang til, og det er brei politisk semje om å oppretthalde modellen.
Publisert:

Den danske bustadssektoren er delt i tre. Det er mange som eig bustaden sin i Danmark, anten det er hus, leilighet eller som medlem i ei andelsforening - det danske svaret på burettslag. Dei som leiger, gjer det anten via private utleigarar, eller gjennom almenne bustadar. Dette er privateigde, prisregulerte gårdar som i praksis er bebuarstyrte. Gårdane er regulerte gjennom ei rekkje lover, og også bebuardemokratiet er lovfesta. Alle som ynskjer ein almenn bustad, kan søkje om det. Visse grupper av vanskelegstilte er prioriterte, men det er til dømes ingen maksinntektskrav for å søkje. I nokre området er det kort ventetid, og det byggjast almenne bustadar i alle områder, til dømes også i Ørestad, den nye bydelen som kan samanliknast med Sørenga i Oslo.

Boligselskabernes Landsforening

BL er interesse- og bransjeorganisasjonen for dei om lag 700 almenne bustadsorganisasjonane som fins i Danmark, og som til saman forvaltar over ein halv million prisregulerte utleigebustadar.

BL's formål er som interesseorganisation at samle de almene boligorganisationer til fælles arbejde for disses og deres beboeres interesse i udvikling af beboerdemokratiet og bedre boligforhold for brede befolkningsgrupper, som brancheorganisation er BL's formål at styrke medlemmerne administrativt, teknisk og socialt til altid at fremstå som moderne og effektive aktører på boligmarkedet, står det å lese i føremålsparagrafen. Sett med norske auge virkar det nesten paradoksalt å lese at ein kommersiell. privat aktør kan ha eit slikt fokus på leigemarknaden. Nyleg vart fem danske bustadsprosjekt organiserte gjennom BL nominerte til "The Europen Responsible Housing Award", som delast ut av den internasjonale leigebuarorganisasjonen, og som finansierast av mellom anna EU-kommisjonen.

Bebuardemokrati med stor reell makt

Det øvste organet i ein gård med almenne bustadar er anten eit representantstkap beståande av avdelingsbestyrelsen og forvaltaren, eller ei generalforsamling, der alle bebuarar har røysterett.

Det neste nivået er avdelingsmøtet, som er eit årleg møte mellom alle bebuarar. Her avgjer bebuarane i fellesskap kva som skal prioriterast av oppgåver det kommande året. Dette kan til dømes vere rehabiliteringsoppgåver, som å pusse opp baderom eller byggje balkongar. Avgjerdslene som vert tekne på avdelingsmøtet dannar grunnlaget for budsjettarbeidet. Blir det store utgifter, aukar husleiga, men sidan husleiga i utgangspunktet er prisregulert, og bebuarane sjølve avgjer om dei ynskjer å oppgradere bustadane, har bebuarane stor makt over leigenivået.

Gårdens bebuarar vêl eit representantskap, kalla avdelingsbestyrelsen, som skal setje seg inn i avdelingas drift, og anbefale overfor avdelingsmøte kva for oppgåver som bør prioriterast.