Gratis juridisk bistand er mogleg

Frå tid til annan får Leieboerforeninga henvendigar frå leigetakarar som ikkje har moglegheit til å bli medlem. Dersom leigetakararen har motteke oppseiing eller begjæring om utkasting, kan vi også bistå ikkje-medlemmar gratis, men utover dette har vi diverre ikkje moglegheit til å bistå, sidan vi har svært mange saker der vi bistår våre medlemmar.




  • Gratis juridisk bistand er mogleg
    (Foto:Wikicommons)

Imidlertid er det fleire studentdrivne organisasjonar for fri rettshjelp som legg ned eit stort og viktig arbeid i å hjelpe mennersker med behov for juridisk bistand. Alle desse organisasjonane har kompetanse på husleigerett, og Leieboerforeninga anbefalar deg å ta kontakt med ein av dei, dersom du har behov for bistand, men ikkje har moglegheit til å betale medlemsavgifta.

Studentorganisasjonane har kontor i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø, og i Oslo finn du dessutan JURK - juridisk rådgivning for kvinner. Fleire av desse fører saker for m.a. Forliksrådet, Tingretten og Lagmannsretten.

I dette dokumentet har vi samla forskjellig informasjon om dei ulike tiltaka.
Gratis juridisk bistand