Ledig stilling som prosjektmedarbeidar

Leieboerforeningen er ein medlemsorganisasjon for leigebuarar skipa i 1933. Foreninga har om lag 4000 medlemma over heile landet. Vi har kontor i Oslo,  og til saman 5,5 årsverk fordelt på 10 ansatte, samt friviljuge.  Våre medlemmar får bistand i husleigerettslege spørsmål frå advokatar og studentar. Interesse-politisk arbeid er også ein viktig del av Leieboerforeningens virke, og foreninga har eit særleg fokus på vanskelegstilte på bustadmarknaden.

Vi leitar no etter ein deltidsansatt i 20 % stilling som skal jobbe med medverknadsarbeid i kommunale utleigebustadar i Oslo. Arbeidet går ut på oppfølging og bistand til gårdsstyrer, i samarbeid med bebuarane, bydel og andre. Arbeidet skjer på bebuarane sine premisser, og bebuarane er vår viktigste samarbeidspartner.

Du som søkjer, har gjerne sosialfagleg utdanning, eller er student innanfor denne retninga. Du har organisasjonskunnskap og gjerne erfaring frå organisasjonsarbeid. Du har kunnskap om kommunal forvaltning, du er sosial og fungerar godt med menneske med ulik bakgrunn.
Du må kunne jobbe sjølvstendig og i team med andre.

Stillinga varer frå august 2017 til desember 2018. Kveldsarbeid må påreknast.
Løn etter avtale.

Ta kontakt med prosjektleiar Anne-Rita Andal på ara@lbf.no eller telefon 24149100.

Søknadsfreist: 16. juni 2017