Maling er ikkje renovering


  • Publisert: fredag 15 august, 2014 - 11:34
  • Skrevet av: ARA



  • Maling er ikkje renovering
    Desse tre gutane vart kasta ut fordi huseigaren skulle male. Ifølgje LBF er oppseinga ugyldig. (Foto: Magnus Aamo Holte, Nordlys)

Avisa Nordlys skriv 14. august om ein vennegjeng som vart sagt opp fordi huseigaren skulle renovere byggjet. Nokre dagar etter utflytting, dukka bustaden opp på finn.no, og no var prisen satt opp med fem tusen kroner. Maling er ikkje tilstrekkjeleg dersom huseigar brukar renovasjon som oppseiingsgrunnlag, seier advokat i Leieboerforeningen, Anne Mette Hårdnes Skåret.

Dei fem kameratane hadde budd i kollektivet i to år då dei vart oppsagde ved påsketider i vår. I slutten av juli flytta dei ut, og då dei eit par dagar seinare leita etter ny bustad på finn.no, dukka huset opp, med oppjustert husleige.
- Vi reagerte veldig sterkt då vi oppdaga annonsa. Det ser jo ut som at han kasta oss ut berre for å auke leiga langt ut over det som er tillate. Det er veldig respektlaust og ei kynisk utnytjing av boligknappheita i Tromsø, seier Ole Baadshaug til Nordlys.

Husleigelova set strenge kriterer for oppseing og husleigeauke
Anne Mette Hårnes Skåret frå Leieboerforeningen forklarar til Nordlys at huseigar kan auke husleiga i høve til konsumprisindeksen etter eitt år. Dette utgjer ein minde sum.  Etter tre år kan prisen endres etter gjengs leie, som skal reflektere oppgang eller nedgang i marknadspris for tilsvarande bustad i samme område og med samme standard. I Leieboerforeninga har vi fleire slike saker der huseigar prøvar å omgå denne regelen, forklarar Skåret, som anbefalar gutane å krevje erstatning for flyttekostnadar og eventuell meirleige i den nye bustaden ut den opprinnelege leigetida.  Huseigaren, som har ansvar for om lag 70 leigetakarar, og omset for fleire millionar i året, meinar på si side at maling er gyldig oppseiingsgrunn, og meinar at utleigarar i Tromsø ofte blir uthengt som kyniske utan sjølve å få komme til orde.

Gutegjengen har alle fått tak over hovudet, og kjem neppe til å klage på oppseiinga. - Vi har jo alle fått nye stadar å bo, so no er det jo greitt, sjølv om det er synd at gjengen vart splitta opp. Vi ynskjer berre no få frem den kynisma som rår på bustadsmarknaden her i byen. Det er utruleg lite studentvennlig, og går ut over byens renommé som studentby, seier Ole Baadshaug til Nordlys.

Kjelde: Nordlys


 

 

Les mer...