Usemje om rimelegare bustadbyggjing





  • Usemje om rimelegare bustadbyggjing
    Må Jan Tore Sanner rekne på nytt? Både Sintef og NIBR har konludert med at krav til universell utforming og miljø ikkje er prisdrivande. (Foto; KRD CC-2.0)

I sommar la kommunal- og regionalminister Jan Tore Sanner ut ei høyring om å forenkle TEK-10-forskrifta. Målet med endringane er å gjere det enklare og rimelegare å byggje bustadar. Men i følgje seniorrådgjevar ved Sintef Byggforsk, Anders Kirkhus, er dette feil medisin. Både Sintef og NIBR har konludert med at at krav til universell utforming og miljø ikkje er prisdrivande, skriv Klassekampen 6. august.

Samstundes som at eigedomsmeklarane sin interesseorganisasjon, Eiendom Norge, melder at prisane på eigebustadar har auka også i juli, som vanlegvis er ein stille månad på bustadsmarknaden, ligg høyringsforslaget til kommunal- og regionaldepartementet ute på høyring. Sanner seier til Klassekampen at offentlege krav ikkje skal unødig forseinke eller fordyre bustadbyggjinga, men at storleiken på kostnadsreduksjonen avhengjer av korleis byggnæringa tilpassar seg eit eventuelt nytt regelverk.

Forskarar usamde
-Dette verkar ikkje heilt gjennomtenkt. Det er nok ikkje desse små endringane i forskrifta som får ned husprisane, seier seniorrådgjevar Anders Kirkhus ved Sintef Byggforsk. -Byggekostnadar er noko heilt anna enn markadsprisar. Fleire av tiltaka må seiast å vere fornying, men ikkje forenkling eller forbetring, seier Kirkhus til Klassekampen. På spørsmål om kvifor regjeringa kjem med dette høyringsforslaget no, svarar seniorrådgjevaren at store pressgrupper som Boligprodusentenes forening og Selvaag bolig har pressa på for å få til desse endringane.

Ap oppgitt
Bustadspolitisk talsperson i Ap, Helga Pedersen, tvilar på at forskriftsendringane vil påverke husprisane, og ho fryktar at funksjonshemma blir taparane. -Vi må byggje meir langs kollektivtraseane rundt dei store byane, leggje til rette frå statens side og bruke tiltak som studentbustadbyggjing og Husbanken aktivt, seier Pedersen til Klassekampen.

Kjelde: Klassekampen
 

 

 


Relaterte artikler

Flyktninger og bolig Leieboerforeningen var invitert til møte med kommunalminister Jan Tore Sanner 9. november om hvordan løse boligsituasjonen for de mange tusen flyktnin...

Oslo bystyre sparker nedover Jeg trodde alle i Norge hadde krav på et hjem og et verdig liv. Not True. Det fikk 15 av oss erfare like før jul da det dumpet ned et ufølsomt maskinelt behandlet brev i postkassen: «Husleietilskuddet ditt opphører med øyeblikkelig virkning». Det var ikke som vi levde fett eller over evne, vi hadde akkurat nok til å holde fanden fra døra fra måned til måned. Det er aldri snakk om å gå ut og ta en kaffe eller en øl, møte folk. Det er aldri snakk om å skeie ut. Det er alltid best å finne eller få det man trenger, og kjøpe varer som er gått ut på dato for halv pris.

"Eiendomsskatt" - bare for byens fattigste SVs har foreslått å innføre eiendomsskatt vil fra 1. april 2015. Dette ville gitt ca 360 millioner kroner til det felles spleiselaget. Det er det nest...

Leieboerforeningen vil ha HTU i alle fylker Leieboerforeningen sier i en høringsuttalelse til Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet at det bør opprettes Husleietvistutvalg i a...

Tror pristaket på leieboliger er nådd Skatt på utleiebolig vil neppe føre til et prishopp, mener Leieboerforeningen. De tror pristaket for utleieboliger er i ferd med å bli nådd. - Leie...