Triveleg ghetto i København


  • Publisert: fredag 01 august, 2014 - 00:16
  • Skrevet av: ARA



  • Triveleg ghetto i København
    Tingbjerg - ein landsby i København (Foto: Jørgen Jensen)

Leieboerforeninga har vitja den danske hovedstaden, for å lære meir om bebuardemokrati og bustadspolitikk. Med hjelp frå den danske leigebuarorganisasjonen LLO, vitja vi fleire bydelar med ulik andel leigebustadar.

Eit stykke utanfor sentrum av København ligg ein spesiell bydel. Tingbjerg er både berømt og berykta, og har rykte på seg for å vere ein ghetto med både gjengkriminalitet og brutale drap. Stig Kaspersen, som er leieformann, bebuar på 42. året og demokratisk valgt av leigetakarar i området, fortel at sjølv om dei har hatt gjengproblematikk og at drap har førekome, er rykta sterkt overdrivne. Den førre regjeringa ville rive Tingbjerg, og satte området på «ghettolista» si, men planen vart aldri realisert, og det meste av gjengproblematikken har dei fått bukt med gjennom mellom anna sikkerheitstiltak og ein eigen bustadsosial plan. Måten vi kommuniserar med media,og måten vi snakkar om Tingbjerg på, er utruleg viktig, fortel Stig. Difor har dei eigen kommunikasjonsrådgjevar, som har gitt verdifulle råd om korleis Tingbjerg skal kvitte seg med det dårlege ryktet.

Ein landsby i København
Området vart teikna i 1943 av arkitekten og byplanleggjaren Steen Eiler Rasmussen, og oppført eit tiår seinare. Det består av om lag 6000 bebuarar fordelte på 2000 prisregulerte utleigebustadar. Tingbjerg er planlagt som ein liten landsby der ein kan leve heile livet. Kjensla forsterkast av at det berre fins ein bilveg inn og ut av området. Her er barnehage, barneskule, sjukestue og pleieheim, symjehall, store grøntområder, felleslokaler og sportsområder. Her kan du bu heile livet, men når du dør, må du flytte ut, fortel formannen. Gravplass er nemleg det einaste dei manglar.

Leieboerforeninga let seg imponere av trivelige tre-etasjes lavblokker i murstein, omkransa av små, velstelte hagar. Bebuarane i Tingbjerg er ein samansetnad av etnisk danske, innvandrarfamiliar –som utgjer 80 prosent av bebuarmassa,  og ein mindre andel bebuarar med rus- og psykiatriproblem, og som vert plasserte der gjennom kommuna sin lovfesta tilvisingsrett. Tilvisingsretten er på 25 prosent, og dei fleste som får bustad i Tingbjerg gjennom kommunalt vedtak, er innvandrarfamiliar med låg økonomi. Andelen bebuarar med psykiatri og rusproblematikk er bevisst halde nede. Det fins eit dagsenter med verkstad for desse bebuarane, og opplegget fungerar godt, skal vi tru formannen. Sjølv om nokre av husværa er litt for små og upraktiske for moderne familiar, er det ventetid på bustadar, og det er fleire av bebuarane som har budd der sidan starten. Bustadane har generelt høg standard, og vedlikehaldet er økonomisk sjølvberande.

Bebuardemokrati og fellesskapskjensla dannar gode bumiljø
Også i Tingbjerg har bebuarane stor makt over buhøva. Alt vedlikehald dekkjast gjennom husleiga, og alle bebuarar får disponere ein mindre vedlikehaldskonto som kan nytjast som ein sjølv vil, innanfor gitte rammer. Gjennom budsjettmøter vert større vedliknehaldsutgifter og renoveringsprosjekt avgjort, slik som balkongar eller ekstra utvendig isolasjon.  
Alle nye bebuarar må betale eit innskot på mellom 15.00 og 20.000 kr, og kommuna har støtteordningar for dei som ikkje maktar dette.

Fellesskapskjensla er sterk i Tingbjerg. Det er stor grad av eigeninnsats og ei sterk dugnadsånd. Og dei flittig brukte selskapslokala, med både industrikjøken, hage og tappekran, som har plass til 80 gjestar og kostar 700 kr døgnet, vitnar om at Tingbjerg er ein god plass å leve.

Sjå også