Rimelege bustadar viss kommunene vil





  • Rimelege bustadar viss kommunene vil
    dei fleste kommuner i Noreg let marknaden ta seg av bustadsbyggjinga. Resultatet er ein eige- og leigemarknad med unaturleg høge prisar.

I midten av juni publiserte Manifest Analyse "Kommunene byggjer landet", ein rapport om handlingsrommet for aktiv bustadspolitikk i kommune-Noreg.

Rapporten er skriven av samfunnsgeograf Tore Syvert Haga, og han trekk fram nokre av virkemidla som er blitt brukte i store kommuner som Sandnes, Trondheim og Kristiansand. Haga trekk spesielt fram Sandnes som eit godt døme på ei kommue som gjennom aktiv bustadspolitikk har satsa stort på å påverke bustadsmarknaden og å tilby rimelegare eigebustadar.

Marknaden styrer
I dag ser vi at dei fleste kommuner i Noreg let marknaden ta seg av bustadsbyggjinga utan særleg store inngrep. Resultatet i mange av dei store kommunene er ein eige- og leigemarknad med unaturleg høge prisar. Kombinasjonen av høge prisar og auka i kravet om eigenandel ved bustadskjøp, ekskluderar mange frå å kjøpe eigen bustad. Dette aukar igjen presset på leigemarknaden, fordi det blir fleire som leiger, og fleire som bur lengre enn tidlegare. 

Kva kan kommunene gjere?
I analysa skriv Haga at lovverket gjev avgrensa høve til å avgjere kva tomter skal nytjast til. Tettheit og høgde, einebustadar, rekkjehus eller blokker, og leilighetsfordeling, altså storleiken på leilighetane, er dei viktigste tiltaka plan- og bygningslova opnar for. Kommuna kan derimot ikkje regulere pris eller om tomtene skal nytjast til eige- eller leigebustadar. Derimot kan kommunene gjennom avtalefridom, binde visse kriteriar til tomter dei sjølv eig. Dette har Sandnes kommune gjort alvor av. Dei har etablert eit kommunalt tomteselskap, organisert som kommunalt føretak og regulert gjennom kommunelova, som kjøper opp private tomter, regulerar dei, og sel dei med avtalefesting, til dømes at oppkjøpar forpliktar seg til å byggje rimelege eigebustadar på tomta. Sandnes har som mål å stå for 40 % av bustadtomtene i kommuna. Resultatet er bustadar som er mellom 20 og 40% rimelegare enn marknadspris, i ei kommune med eit folketal på 72.000, og ein vekst i folketalet på 26% dei siste ti åra. I Trondheim har kommuna engasjert seg for å skaffe fleire rimelege utleigebustadar for ungdom, både gjennom sal av kommunal eigedom til studentbustadar, og eit planlagt prosjekt med ikkje-kommersielle bustadar for ungdom.

Les heile rapporten frå Manifest Analyse her

Les mer...


Relaterte artikler

Flyktninger og bolig Leieboerforeningen var invitert til møte med kommunalminister Jan Tore Sanner 9. november om hvordan løse boligsituasjonen for de mange tusen flyktnin...

Nye takter i Bodø I Bodø har Arbeiderpartiet og Raudt fått fleirtal i det nye bystyret. Leieboerforeningen har tatt ein prat med varaordførar Synne Bjørbæk frå Raudt, s...

Leieboerforeningens boligpolitiske arbeid Et av LbFs viktigste virkeområder er å arbeide interessepolitisk for å ivareta og styrke leieboernes sak i forhold til lovverket og i andre saker knyttet til boligleiesektoren. Dette er fastslått i vedtektene, og i løpet av året avholder vi en rekke møter med politiske partier, vi samarbeider med kommuner og utbyggere om prosjekter som gagner leieboere spesifikt, eller leiesektoren generelt, og vi avgir høringssvar på aktuelle saker. Dessuten sender vi brev til departement og andre angående saker vi mener er viktige.

Oslo bystyre sparker nedover Jeg trodde alle i Norge hadde krav på et hjem og et verdig liv. Not True. Det fikk 15 av oss erfare like før jul da det dumpet ned et ufølsomt maskinelt behandlet brev i postkassen: «Husleietilskuddet ditt opphører med øyeblikkelig virkning». Det var ikke som vi levde fett eller over evne, vi hadde akkurat nok til å holde fanden fra døra fra måned til måned. Det er aldri snakk om å gå ut og ta en kaffe eller en øl, møte folk. Det er aldri snakk om å skeie ut. Det er alltid best å finne eller få det man trenger, og kjøpe varer som er gått ut på dato for halv pris.

"Eiendomsskatt" - bare for byens fattigste SVs har foreslått å innføre eiendomsskatt vil fra 1. april 2015. Dette ville gitt ca 360 millioner kroner til det felles spleiselaget. Det er det nest...