- Vi balanserer på ein knivsegg, men er van med det!

20. mai avholdt Leieboerforeningen årsmøtet og den tradisjonsrike bustadspolitiske debatten.





  • - Vi balanserer på ein knivsegg, men er van med det!
    Fra venstre: Per Jæger, Christian Dreyer, Esben Svalastog og Lars Aasen.

I år vart møtet og debatten live-streama, slik at medlemmar over heile landet kunne følgje med på nettet. Dei fleste styremedlemmane stilte til gjenvalg, og alle sakene på møtet vart einstemmig godkjend.  Dagleg leiar reiegjorde for 2013-regnskapet, som viste eit driftsoverskot på 116 684 kroner.


«Økonomisk sett, balanserar vi på ein knivsegg, men vi er van med det. Samstundes hadde det vore unaturleg at ei forening som vår skulle hatt eit stort overskot. Til tross for den stramme økonomien og det beskjedne medlemstalet, meinar eg at vi får utretta svært mykje», uttalte Aasen.  Styreleiar Therese Ustvedt meinte også at Leieboerforeningen har bidratt til å aktualisere den politiske debatten kring utleigemarknaden, så at Leieboerforeningen greier å markere seg til tross for ein stram økonomi, er det liten tvil om.

Årsmøtesida er her

Dokumentar om oppheving av husleigereguleringa

Etter årsmøtet, viste dei to journalistane Ingvild Sagmoen og Anders Rikstad ein film om opphevinga av husleigereguleringa. Opphevinga fekk store konsekvensar for bebuarane, og Leieboerforeningen har jobba mykje med å hjelpe bebuarane i den vanskelege situasjonen dei hadde havna i. Det spesielle husleigetilskotet som vart oppretta for å hjelpe bebuarane vert vidareført, men LBF er ueing i ein del av tiltaka byrådet har føreslege.


Ein ny vår for leigesektoren?
Årsmøtet vart som vanleg avslutta med den tradisjonsrike debatten. I år stilte Per Jæger frå Boligprodusentenes forening, Christian Dreyer frå  eigedomsmeklarane sin bransjeorganisasjon, Eiendom Norge, Esben Svalastog frå Selvaag og Lars Aasen fra Leieboerforeningen. Det var stor semje i at leigemarknaden er eit gløymd felt i bustadspolitikken. Det nesten einsretta fokuset på eigarlinja som har eksistert sidan andre verdskrig, har ikkje teke hensyn til at mange må eller vil leige, i kortare eller lengre periodar i livet, eller kanskje heile livet. 80 % av nordmenn eig sin eigen bustad, og 97% vil på eit tidspunkt i livet eige ein bustad.  

Rask vekst i folketalet i dei store byane, kombinert med eit underskot på leigebustadar, fører til eit stort press på marknaden, og dette går utover leigetakarane. Den store mangelen på studentbustadar bidreg til å auke presset ytterlegare. Panelet diskuterte problemstillinga, og hadde ulike svar på kva løysinga kunne vere. Å styrkje Husbanken for å få meir kapital inn i bustadbyggjinga, å svekkje Husbanken fordi subsidiar kan vere konkurransevridande, skattelette for subsidiærbustadar slik at fleire private kan leige ut, eller å leggje til rette for fleire store profesjonelle utleigarar gjennom gunstige tilskotsordningar , var nokre av forslaga som vart diskuterte.

Debattleiar og tidlegare styreleiar i LBF, Tore Hansen, oppfordra til slutt paneldeltakarane om å gå saman for å leggje press på styresmaktene, og dei tre andre aktørane takka ja til eit møte med Leieboerforeningen for å diskutere eit mogleg samarbeid for å løfte debatten om leigemarknaden ytterlegare. 

Sjå debatten her


Relaterte artikler

Boligpolitikk takk Leieboerforeningen har lenge etterlyst et større fokus på boligpolitikk i valgkampen, og i år ser vi resultater av vårt arbeid i Oslo – boligpolitikk er endelig på dagsorden og begreper som sosial boligpolitikk, gjengs leie, tredje boligsektor, medvirkning, innelåsningseffekter og fattigdomsfelle diskuteres hyppig blant våre folkevalgte. Fram mot valget slipper vi våre folkevalgte til orde - og til slutt gjør vi opp status og forteller deg hvilket parti som har den beste boligpolitikken for leieboerne i hovedstaden.

Politikerpreik - samleside Gjennom sommeren har Leieboerforeningen under overskriften Politikerpreik snakket med alle partiene. Målet har vært å bli litt klokere på partienes boligpolitikk og leiesektoren spesielt. Her har vi samlet alle videoene. God fornøyelse.

Politikerpreik volum 9: Høgre Høgre er regjeringspartiet med stor R. Med både statsministeren og bustadminister Sanner har Høgre stor innflytelse på bustadpolitikken vår. Høgre har også eit stort engasjement for bustadpolitikk, og eit gjennomarbeida program. Vi har møtt Mudassa Kapur frå Kommunalkomiteen for å snakke om eigarlinja, leigebuarar og den frie marknaden.

Politikerpreik volum 8: Kristeleg Folkeparti Kristeleg folkeparti er eit verdibasert parti med hjarte for samfunnets svake. Vi har møtt stortingsrepresentant Geir Toskedal for å snakke om den vanskelege bustadmarknaden, og vi møtte ein folkevalgt som var åpen for å sjå ting frå fleire vinklar.

Politikerpreik volum 7: Raudt Raudt er ein av årets store snakkisar i valgkampen. Partiet ligg an til å gjere sitt beste valg nokonsinne, og ein plass på Stortinget er innan rekkjevidde. Men vil partiet dra oss baklengs inn i framtida og reversere gjere oss alle til kommunale leigebuarar, eller? Vi har tatt ein prat med Bjørnar Moxnes, partileiar i Raudt.