Juryen meiner ByBo er eit førebilete både når det gjeld måten dei samarbeider med offentlege etatar på, utvikling av butilbod og i det å dela kunnskap med andre.
- Kirkens bymisjon ved ByBo har over tid utvikla metodar for busetjing av vanskelegstilte med gode resultat. Arbeidet dei gjer og metodane dei har utvikla tar utgangspunkt i brukarmedverknad der det einskilde menneske står i sentrum. I tillegg til å lukkast med å busetja vanskelegstilte, deler dei raust av sine kunnskapar og erfaringar. Denne verdifulle erfaringsutvekslinga er avgjerande for utviklinga av nye, innovative arbeidsmetodar innanfor det bustadsosiale feltet, seier juryleiar Magnhild Meltveit Kleppa.
Bybo Kirkens Bymisjon har sidan dei starta opp i 2008 hatt som overordna mål å få på plass eit variert og fleksibelt bustadsosialt tilbod i hovudstaden, og har utvikla ein eigen evne til å fanga opp menneske som fell utanfor dei kommunale bustadtilboda. Butilbodet deira buset mange med samansette problem og som treng mykje hjelp. Tenestilbodet vert tilpassa den einskilde, og mange bur no meir stabilt og lengre gjennom ByBo enn dei har gjort tidlegare. Dette har resultert i ein kraftig nedgang i talet på akuttinnleggingar.
Verksemda disponerer ca. 80 leilegheiter fordelt på 6 ulike adresser. Tilbodet er differensiert, dei ulike husa har forskjellig profil, storleik og fagleg tilnærming. Felles for alle hus er vektlegging på varighet, og alle bebuarane har vanlige husleigekontraktar.
Statens pris for bustadsosialt arbeid er ein heiderspris til instansar som kan visa dokumentert effekt på:
- Auka busetjing av vanskelegstilte på bustadmarknaden
- Heiskapleg satsing i utvikling og drift av bustadsosialt arbeid
- Tiltak som motverkar at bustadløyse oppstår
I tillegg skal det bustadsosiale arbeidet ha overføringsverdi til andre.
Les mer: