Bumiljøskulen på Sagene er i gang


  • Publisert: torsdag 08 mai, 2014 - 12:50
  • Skrevet av: ARA
  • Stikkord: LbF-nytt



  • Bumiljøskulen på Sagene er i gang
    Fleire av bebuarane hadde erfaringar med brann i gården dei budde i, og mange var bekymra over rømningsveiar og bruk av utstyr (Foto: Anne Rita Andal)

7. mai starta Bumiljøskulen på Sagene med brannvernkurs og ideverkstad. Skulen arrangerast i samarbeid mellom bydel Sagene, Boligbygg og Leieboerforeningen, og er eit tilbod til alle vaksne bebuarar i kommunale gårdar i bydelen. Bumiljøskulen vil arrangere månadlege kveldskurs med aktuelle tema i løpet av året, og når kursa er gjennomført, vil bebuarane få kursbevis og diplom.

Tema for det fyrste kurset var brannvern. Fleire av bebuarane hadde erfaringar med brann i gården dei budde i, og mange var bekymra over rømningsveiar og bruk av utstyr. Brannverninstruktøren kunne berolige med at brannvesenet i Oslo har tilgang på 48 meter høg lift, og at alle husværa er egne brannceller som skal halde røyk og flammer ute i minst 30 minutt dersom det brenn i eitt av dei andre husværa. Sidan mange av bebuarane i dei kommunale gårdane har andre morsmål enn norsk, vart viktigheita av god kommunikasjon i naudstilfeller diskutert. Eit av forslaga som kom opp, var at branninstruksane i oppgangen skal vere på fleire språk. Etter ein gjennomgang av vanlege brannårsakar og førebyggjing, varslings- og slokkeutstyr, og rutiner ved brann, fekk alle kursdeltakarane prøve å slokke brann med brannteppe eller slokningsapparat.

Kursdeltakarane avgjer sjølve kva Bumiljøskulen skal ta opp
Etter brannvernkurset samla deltakarane idear til fleire kurstema. Arrangør Reza Rezaee, som er bumiljøarbeidar i bydelen, lova at alle tema skulle takast opp i løpet av kursets varigheit. Aktuelle tema var mellom anna elektrisisitet, vatn og kloakk, inneklima, naboklager,  bebuarrettigheiter- og plikter, naboklager og konflikthandtering, husordensreglar og utbetring av leikeområder for born. Boligbygg understreka viktligheita av godt inneklima, og dro parallellar mellom dårleg luft og auka førekomst av astma blant born i kommunale bustadar. Inneklima er ikkje alltid so vanskeleg å gjere noko med. Mellom anna kan byrjande sopp fjernast med sterk såpe, og riktig ventilasjon kan gje dårlegare vekstkår for sopp. Dette er enkle tiltak som kan gje både helsevinst og økonomisk vinst, og viktigheita av eit godt inneklima vil bli grundig gjennomgått på eit eige kurs seinare i haust.

Leieboerforeningen vil mellom anna bidra med ein eigen kurskveld om husleigerett - og plikter.


Relaterte artikler

Prosjekt Trondheim avsluttes Leieboerforeningen har besluttet å stenge lokalavdelingen i Trondheim. Bakgrunnen er manglende finansiering og støtte fra Trondheim kommune. O...

122 000 vanskeligstilte på boligmarkedet SSB har justert ned antallet vanskeligstilte på boligmarkedet i Norge til 122 000 personer. Dette er personer som bor trangt eller har en økonomisk si...

Leieboerforeningen arrangerer Bjørnåsendagen Søndag 30. november arrangerer Leieboerforeningen Bjørnåsen-dagen i det nye utleieprosjektet til Selvaag på Søndre Nordstrand. Arrangementet er en del...

Flere vil bli medlem i Leieboerforeningen Leieboerforeningen har så langt i år opplevd en kraftig vekst i nye medlemmer. Hittil i år har foreningen snart fått 1200 nye medlemmer. I fjor m...

Bebuarmakt og prisregulerte bustadar i Danmark I Skandinavia skiljer Noreg seg ut med den marknadsstyrte leigesektoren. Både Sverige og Danmark har store, regulerte leigesektorar. Den danske modell...