Den beste leigebuarpolitikken - MDG er vinnaren

Une Bastholm er stortingskandidat for Miljøpartiet De Grønne, som Leieboerforeningen har kåra som partiet med best leigebuarpolitikk.

I sommar har vi i Leieboerforeningen snakka med alle partia som er aktuelle for dei fire neste åra på Løvebakken, og med ei knapp veke igjen til valget, gjenstår det berre å kaste terning på dei respektive partias bustadpolitikk. Best ut kjem Miljøpartiet De Grønne.





Leieboerforeningen er ein partipolitisk uavhengig ideell organisasjon som jobbar interessepolitisk for leigebuarane. Når vi no vurderar dei enkelte partia, er det to fokusgrupper vi har i tankane - leigebuarane generelt, og den store gruppa vanskelegstilte på bustadmarknaden spesielt. 

Utvalgte fokusområder
Vi har vurdert partiene sine arbeidsprogram ut i frå eit kriteriesett basert på vår eiga bustadpolitiske plattform. For å begrense analysa, har vi gjort eit utvalg som viser litt av kompleksiteten i bustadpolitikken. Vi har vurdert partia ut i frå programma som vart vedtekne på landsmøtene i vår. 

I dag er det mellom 170.000 og 280.000 vanskelegstilte på bustadmarknaden, i følgje tal frå SSB. For majoriteten av desse er leigemarknaden den einaste moglegheita, og vanskelegstilte står som kjent ikkje fyrst i køen på leigemarknaden. Difor er Leieboerforeningen opptekne av at også denne gruppa skal ha tilgang til trygge, gode og rimelege bustadar. 

Leieboerforeningen meinar også at ein større andel av utleigesektoren bør bestå av profesjonelle utleigarar, fordi profesjonelle har betre føresetnadar for å drifte og forvalte leigeforhold enn private småskalautleigarar. Dette vil kome bebuarane til nytte i form av større grad av profesjonalitet og færre interessekonflikter mellom leigebuar og utleigar. Ein rimeleg leigepris er også viktig, sidan vi meinar at bustadprisane er med på å forsterke ulikskap. Husbanken, som er statens viktigste økonomiske verktøykasse for bustadpolitikken, har dei siste tiåra gradvis vendt sitt fokus bort frå ordinær bustadpolitikk og inn mot dei vanskelegstilte. Leieboerforeningen meinar at Husbanken bør styrkast slik at mellom anna fleire får tilbud om startlån. Husbanken kan også tilretteleggje for ein betre leigemarknad gjennom økonomiske virkemidlar retta mot profesjonelle utleigarar, og også her bør Husbankens rolle styrkast. Til slutt er Leieboerforeningen opptekne av at kommunene har eit eige tilbod av kommunale utleigebustadar. Vi veit at mange, spesielt fattige, har problemer med å komme seg inn på både eigarmarknaden og på den private leigemarknaden. Den beste måten kommuna kan løyse si lovpålagte plikt til å medvirke til å skaffe bustadar til vanskelegstilte, er gjennom å ha ei eiga bustadmasse, forutsett at denne både er stor nok, og at bustadane gir bebuaren bustabilitet, eit trygt bumiljø og rimelege bukostnadar. 

Småpartia på venstresida kjem best ut
Dei minste partia på venstresida får høgast score hos Leieboerforeningen. Blokkuavhengige Miljøpartiet de Grønne oppnår toppscore i alle kategoriane. For eit særparti og ein nykommar på Stortinget har Miljøpartiet ein imponerande og ambisiøs leigepolitikk som kjem leigebuarane til gode. SV er ikkje overraskande også svært solide, og kometen Raudt har også ein svært god leigepolitikk. Felles for partia med høgast score er planar for å gjenreise ein meir sosial bustadpolitikk.  Raudt får eit trekk fordi partiet ikkje inkluderar kommersiell profesjonell utleige i programmet sitt.

Hos partia lenger inn mot sentrum får leigebuarane mindre fokus, med lyspunkt i SP og KrF sine program. Den bustadpolitiske bastionen Arbeiderpartiet er ein av Husbankens framste forkjemparar, men partiet når ikkje so høgt opp denne gongen, sidan leigebuarane har fått for lite fokus i arbeidsprogrammet. På høgresida er det etter Leieboerforeningens syn eit for ensidig fokus på eigarlinja og på forenkling av regelverk. Venstres forslag om å utrede samanslåing av Kommunalbanken og Husbanken står til stryk, og FrP nemner knapt leiegebuarane med eit ord.

Bustadpolitikken vinn ikkje valet i år heller
Enno har ikkje bustadpolitikken fått sitt fortente fokus i valgkampen. Dei fleste bur jo trygt og godt i Noreg, men Leieboerforeningen ser tendensar til ein segregert bustadsektor, og vi hadde ønska at bustadpolitikken fekk meir plass i valgkampen. Vi skal imidlertid hjelpe alle partia på Stortinget til å forbetre leigepolitikken sin. 

Ekstrapremiar for medverknad
I LbFs bustadpolitiske plattform heiter det at vi skal jobbe for auka medbestemmelse i leigehøve. Vi finn gjenklang for dette i både Raudt og MdG sine parti. Difor får begge desse partia ekstra ros. 

 

  R SV MDG   A SP KRF  V H FRP
Leigepolitikk 6 6 6 3 5 4 3 3 1
Leigeprisar 6 6 6 3 5 4 2 2 1
Skattepolitikk 6 6 6 4 3 1 2 2 1
Husbankens rolle 5 6 6 6 6 6 1 3 3
Profesjonell utleige 3 4 6 4 3 4 5 5 1
Kommunale bustadar 6 6 6 2 2 5 2 2 1
SUM 5,3 5,7 6 3,7 4 4 2,5 2,8 1,3

 


Relaterte artikler

Nye takter i Bodø I Bodø har Arbeiderpartiet og Raudt fått fleirtal i det nye bystyret. Leieboerforeningen har tatt ein prat med varaordførar Synne Bjørbæk frå Raudt, s...

Leieboerforeningens boligpolitiske arbeid Et av LbFs viktigste virkeområder er å arbeide interessepolitisk for å ivareta og styrke leieboernes sak i forhold til lovverket og i andre saker knyttet til boligleiesektoren. Dette er fastslått i vedtektene, og i løpet av året avholder vi en rekke møter med politiske partier, vi samarbeider med kommuner og utbyggere om prosjekter som gagner leieboere spesifikt, eller leiesektoren generelt, og vi avgir høringssvar på aktuelle saker. Dessuten sender vi brev til departement og andre angående saker vi mener er viktige.