Politikerpreik volum 9: Høgre

Høgre er regjeringspartiet med stor R. Med både statsministeren og bustadminister Sanner har Høgre stor innflytelse på bustadpolitikken vår. Høgre har også eit stort engasjement for bustadpolitikk, og eit gjennomarbeida program. Vi har møtt Mudassa Kapur frå Kommunalkomiteen for å snakke om eigarlinja, leigebuarar og den frie marknaden.





Høgre er opptekne av eigarlinja, og her til lands har vi ein av dei største andelen bustadeigarar i verda. Medan Leieboerforeningen meinar det er på tide å styrke leigesektoren slik at fleire kan leige trygt og godt, er Høgre som dei fleste andre stortingspartia, opptekne av å auke eigarandelen. Høgre har også stått i bresjen for ei forenkling av byggjeregelverket, noko Leieboerforeninge er kritiske til fordi vi trur det vil føre til fleire dårlege utleigebustadar. Så vi spør Mudassar Kapur kva Høgre vil gjere for leigebuarane.

-    Det å eige bustaden sin er ein viktig verdi i Noreg, og vi ynskjer å leggje til rette for at flest mogleg kan realisere bustaddraumen.

- I den nye byggeforskrifta gjer vi det enklare, raskare og rimelegare å byggje, utan at dette gjer noko med bukvaliteten til bebuarane. Gjennom mange år har det kome nye krav, som samla sett har bidratt til å byråkratisere og auke kostnadane ved bustadbyggjing. Vi fjernar no krav og vi lempar på krav, utan at dette skal gå på bekostning av viktige kvalitetar og sikkerheit. Med raskare og rimelegare bustadbygjing, kan vi endeleg gjere det som vil ha mest effekt på bustadprisane, og som igjen vil kunne redusere leigeprisane, sidan det blir fleire bustadar på marknaden.

 

Bustadsosiale tiltak
For å leggje til rette for at fleire skal kunne eige sin eigen bustad, ynskjer Høgre også å ta i bruk den bustadsosiale modellen leige-før-eige over heile landet. Styrking av bustøtteordninga slik at 1500 fleire bornefamiliar får stønad, er også tiltak Høgre nemner som del av den bustadsosiale satsinga.

Angrar ikkje på frislepp av marknaden
På byrjinga av åttitalet gjekk Høgre til val på mellom anna deregulering av burettslagslova. Etter det, har det skjedd ein enorm prisvekst på bustadar. I dag er vi i ein situasjon der nordmenn er i verdstoppen på bustadgjeld, og vi har ein bustadmarknad som gjer at folk med vanlege inntekter ikkje lenger har råd til å bu i Oslo. Vi undrast om Høgre angrar på dereguleringa når vi ser korleis bustadmarknaden har utvikla seg. Ville  dei gjort det same i dag ?

- Ja. Vi meinte då, og vi meinar no, at det er rimeleg at familiar som bur i burettslag må få eige sin bustad på lik linje med andre bustadeigarar. At det er høg gjeldsvekst kan vere problematisk, og difor har også regjeringa innført ei rekkje innstrammingar, mellom anna knytta til maksimal lånegrad, strengare kriterer for krav om eigenkapital for bustadkjøp, og minimum førti prosent eigenkapital på sekundærbustadar i Oslo.
Vi må hugse at bustadbyggjinga i dag er den høgste sidan syttitalet, og fleire bustadar på marknaden og lågare byggekostnadar vil i sum vere med på å redusere bustadprisane.


Høgre var siste parti ut i vår uhøgtidelege valgkampserie. Neste veke får du vite kva Leieboerforeningen syns om bustadpolitikken til partia på Stortinget.

 

 

Her kan du sjå dei andre intervjua: 
 

Politikerpreik volum 1: Miljøpartiet
Politikerpreik volum 2: Senterpartiet
Politikerpreik volum 3: Arbeiderpartiet
Politikerpreik volum 4: Framstegspartiet
Politikerpreik volum 5: Venstre
Politikerpreik volum 6: Sosialistisk Venstreparti 
Politikerpreik volum 7: Raudt 
Politikerpreik volum 8: Kristelig Folkeparti


Relaterte artikler

Politikerpreik - samleside Gjennom sommeren har Leieboerforeningen under overskriften Politikerpreik snakket med alle partiene. Målet har vært å bli litt klokere på partienes boligpolitikk og leiesektoren spesielt. Her har vi samlet alle videoene. God fornøyelse.

Politikerpreik volum 8: Kristeleg Folkeparti Kristeleg folkeparti er eit verdibasert parti med hjarte for samfunnets svake. Vi har møtt stortingsrepresentant Geir Toskedal for å snakke om den vanskelege bustadmarknaden, og vi møtte ein folkevalgt som var åpen for å sjå ting frå fleire vinklar.

Politikerpreik volum 7: Raudt Raudt er ein av årets store snakkisar i valgkampen. Partiet ligg an til å gjere sitt beste valg nokonsinne, og ein plass på Stortinget er innan rekkjevidde. Men vil partiet dra oss baklengs inn i framtida og reversere gjere oss alle til kommunale leigebuarar, eller? Vi har tatt ein prat med Bjørnar Moxnes, partileiar i Raudt.

Politikerpreik volum 6: Sosialistisk Venstreparti Med sine sju stortingsrepresentantar er SV Stortingets nest minste parti. SVs bustadpolitikk derimot, er omfattande og detaljert. Vi har tatt ein prat med avtroppande stortingsrepresentant Snorre Valen.

Et hjem, ikke en bolig Det finnes rundt 20.000 mennesker med utviklingshemming i Norge. 86 prosent bor i leid bolig, nesten utelukkende med kommunen som utleier. Leieboerforeningen har tatt en prat med Hedvig Ekberg, generalsekretær i Norsk Forbund for Utviklingshemmede, en interesse- og medlemsorganisasjon med 8000 medlemmer.