Politikerpreik volum 8: Kristeleg Folkeparti

Kristeleg folkeparti er eit verdibasert parti med hjarte for samfunnets svake. Vi har møtt stortingsrepresentant Geir Toskedal for å snakke om den vanskelege bustadmarknaden, og vi møtte ein folkevalgt som var åpen for å sjå ting frå fleire vinklar.





I dag er KrF støtteparti for regjeringa, men partiet har kanskje ikkje fått så mykje attende for å vere garantist for Erna og co.

Som vanleg i denne intervjuserien tek vi opp eigarlinjas blindsone - leigemarknaden. Vi veit at KrF ønsker seg fleire studentbustadar, men kva vil partiet gjere for leigebuarane, spør vi Toskedal.

- Det er viktig at vi har ein god leigemarknad, og at den er regulert, og at det stimulerar til at ein kanskje kan få sin eigen bustad på sikt.

 

Før ferien vart den langdryge og betente revisjonen av eigarseksjonslova avgjort på Stortinget. KrF slutta seg til komiteens fleirtal, som gjekk inn for at leigebuarane mistar forkjøpsretten ved seksjonering av leiligheter. Dette er ein relativt teknisk sak som for mange virkar ganske uforståeleg, men kort sagt dreier det seg om at eigarar av leigegårdar som velger å seksjonere ein heil gård og selge den stykkvis, no skal få slippe å måtte selge til langvarige leigebuarar som fram til lov-revideringa har hatt forkjøpsrett. Leieboerforeningen kjempa for at forkjøpsretten skulle bevarast, men vi tapte den kampen. Toskedal understrekar at saken var komplisert, og forklarar valget med at forkjøpsrett for leigebuarar kunne føre til at utleigarar ville seie opp leigebuarar for å slippe unna forkjøpsretten ved salg. Ei tynn årsaksforklaring, meinar vi, men Toskedal framhevar at eit vedtak kun står til neste vedtak blir gjort, og opnar dermed for at det er mogleg å tenke annleis neste gong. 

So då seier vi heia KrF - betre lukke ved neste korsveg! 

 

Her kan du sjå dei andre intervjua: 
 

Politikerpreik volum 1: Miljøpartiet
Politikerpreik volum 2: Senterpartiet
Politikerpreik volum 3: Arbeiderpartiet
Politikerpreik volum 4: Framstegspartiet
Politikerpreik volum 5: Venstre
Politikerpreik volum 6: Sosialistisk Venstreparti 
Politikerpreik volum 7: Raudt 

 


Relaterte artikler

Politikerpreik - samleside Gjennom sommeren har Leieboerforeningen under overskriften Politikerpreik snakket med alle partiene. Målet har vært å bli litt klokere på partienes boligpolitikk og leiesektoren spesielt. Her har vi samlet alle videoene. God fornøyelse.

Politikerpreik volum 9: Høgre Høgre er regjeringspartiet med stor R. Med både statsministeren og bustadminister Sanner har Høgre stor innflytelse på bustadpolitikken vår. Høgre har også eit stort engasjement for bustadpolitikk, og eit gjennomarbeida program. Vi har møtt Mudassa Kapur frå Kommunalkomiteen for å snakke om eigarlinja, leigebuarar og den frie marknaden.

Politikerpreik volum 7: Raudt Raudt er ein av årets store snakkisar i valgkampen. Partiet ligg an til å gjere sitt beste valg nokonsinne, og ein plass på Stortinget er innan rekkjevidde. Men vil partiet dra oss baklengs inn i framtida og reversere gjere oss alle til kommunale leigebuarar, eller? Vi har tatt ein prat med Bjørnar Moxnes, partileiar i Raudt.

Politikerpreik volum 6: Sosialistisk Venstreparti Med sine sju stortingsrepresentantar er SV Stortingets nest minste parti. SVs bustadpolitikk derimot, er omfattande og detaljert. Vi har tatt ein prat med avtroppande stortingsrepresentant Snorre Valen.

Et hjem, ikke en bolig Det finnes rundt 20.000 mennesker med utviklingshemming i Norge. 86 prosent bor i leid bolig, nesten utelukkende med kommunen som utleier. Leieboerforeningen har tatt en prat med Hedvig Ekberg, generalsekretær i Norsk Forbund for Utviklingshemmede, en interesse- og medlemsorganisasjon med 8000 medlemmer.