Politikerpreik volum 7: Raudt

Raudt er ein av årets store snakkisar i valgkampen. Partiet ligg an til å gjere sitt beste valg nokonsinne, og ein plass på Stortinget er innan rekkjevidde. Men vil partiet dra oss baklengs inn i framtida og reversere gjere oss alle til kommunale leigebuarar, eller? Vi har tatt ein prat med Bjørnar Moxnes, partileiar i Raudt.





Raudt har ein aktiv bustadpolitikk der utleigebustadar tek stor plass. Partiet ønskar å gjere bustadar mindre attraktive som spare- og investeringsobjekt, og at det skal innførast ein tredje sektor med såkalla ikkje-kommersielle utleigebustadar. Moxnes seier til Leieboerforeningen at dei ønskar å gjen-innføre reguleringar på leigemarknaden, og viser til den danske Almennboligsektoren, der ein million danskar bur i prisregulerte bustadar. Dersom ein slik tredje sektor bolir stor nok, vil det ha ein prisdempande effekt på bustadmarknaden, meinar Moxnes. 

- Dette vil være dårleg for Olav Thon og Ivar Tollefsen, men det vil være bra for folk flest. 

 

Vil jobbe for den kommunale bustadsektoren 
I Oslo har partiet markert seg som forkjempar for kommunale leigebuarar, og gjennom budsjettsamarbeidet med byrådet har Raudt fått gjennomslag for å auke tilskotet til den kommunale sektoren med femti millionar kroner i 2017. Dette ønsker partiet å fortsatt jobbe for i den inneværande bystyreperioda. No som Oslo kommune vil få auka sine inntekter gjennom oppkjøp av Hafslund, ønskar Raudt at delar av inntektene frå straumgiganten skal brukast til å senkje det forhatte konsernbidraget som kommuna tek ut av føretaket som forvaltar dei kommunale bustadane i Oslo. 

Kritiske til AirbnB
Raudt ønskar også regulere delingstenesta Airbnb. 
I andre europeiske storbyar ser vi at utleigebustadar blir tekne ut av den ordinære leigemarknaden, og leigd ut til turistar. Dette gir større gevinst for utleigar, men i stort omfang kan det ha innverknad på leigemarknaden. Praksisen vil bidra til færre utleigebustadar og større press. Her i Noreg er det enno ingen reguleringar på tenesta, men det diskuterast på departementsnivå. Raudt ønskar å legge føringar for utleige via slike delingstenester ved å innføre ein maksimal utleigetid på seksti dagar. 
Leieboerforeningen og Huseiernes Landsforbund har også teke til orde for ei liknande regulering i fellesskap, men med 90 dagars makstid. 

Leieboerforeningen kan gi eit anerkjennande nikk til mykje av Raudt sin bustadpolitikk. Men viss du vil vite om du bør røyste Raudt om tre veker, må du følge med vidare. Om eit par veker kjem anbefalinga vår. 

Her kan du sjå dei andre intervjua: 
 

Politikerpreik volum 1: Miljøpartiet
Politikerpreik volum 2: Senterpartiet
Politikerpreik volum 3: Arbeiderpartiet
Politikerpreik volum 4: Framstegspartiet
Politikerpreik volum 5: Venstre
Politikerpreik volum 6: Sosialistisk Venstreparti 

 

 

 


Relaterte artikler

Boligpolitikk takk Leieboerforeningen har lenge etterlyst et større fokus på boligpolitikk i valgkampen, og i år ser vi resultater av vårt arbeid i Oslo – boligpolitikk er endelig på dagsorden og begreper som sosial boligpolitikk, gjengs leie, tredje boligsektor, medvirkning, innelåsningseffekter og fattigdomsfelle diskuteres hyppig blant våre folkevalgte. Fram mot valget slipper vi våre folkevalgte til orde - og til slutt gjør vi opp status og forteller deg hvilket parti som har den beste boligpolitikken for leieboerne i hovedstaden.

Politikerpreik - samleside Gjennom sommeren har Leieboerforeningen under overskriften Politikerpreik snakket med alle partiene. Målet har vært å bli litt klokere på partienes boligpolitikk og leiesektoren spesielt. Her har vi samlet alle videoene. God fornøyelse.

Politikerpreik volum 9: Høgre Høgre er regjeringspartiet med stor R. Med både statsministeren og bustadminister Sanner har Høgre stor innflytelse på bustadpolitikken vår. Høgre har også eit stort engasjement for bustadpolitikk, og eit gjennomarbeida program. Vi har møtt Mudassa Kapur frå Kommunalkomiteen for å snakke om eigarlinja, leigebuarar og den frie marknaden.

Politikerpreik volum 8: Kristeleg Folkeparti Kristeleg folkeparti er eit verdibasert parti med hjarte for samfunnets svake. Vi har møtt stortingsrepresentant Geir Toskedal for å snakke om den vanskelege bustadmarknaden, og vi møtte ein folkevalgt som var åpen for å sjå ting frå fleire vinklar.

Politikerpreik volum 6: Sosialistisk Venstreparti Med sine sju stortingsrepresentantar er SV Stortingets nest minste parti. SVs bustadpolitikk derimot, er omfattande og detaljert. Vi har tatt ein prat med avtroppande stortingsrepresentant Snorre Valen.