Politikerpreik volum 6: Sosialistisk Venstreparti

Med sine sju stortingsrepresentantar er SV Stortingets nest minste parti. SVs bustadpolitikk derimot, er omfattande og detaljert. Vi har tatt ein prat med avtroppande stortingsrepresentant Snorre Valen.





I SVs program finn vi radikale tiltak for å demme opp for bustadspekulasjon og for å gi fleire innpass på bustadmarknaden. Meir skattlegging av sekundærbustadar, styrking av Husbanken, ikkje-kommersielle utleigebustadar og prisregulerte eigebustadar er nokre av tiltaka SV vil jobbe for. 

Dette programmet er jo ein smule gammaldags, og vi har spurt Snorre Valen om det verkeleg er så ille at bustadpolitikken må snu 180 grader rundt og gå tilbake til etterkrigstida. Er ikkje det litt gamaldags? 

- Nokre av forslaga våre handlar om å ta tilbake meir politisk styring over bustadmarknaden, mens andre forslag er heilt nye. Noreg har ein av dei minst regulerte bustadmarknadane, og det er på tide å snu denne utviklinga. Det er ikkje gamaldags, men det er slik vi vil byggje ein moderne politikk som sikrar betre fordeling, ein meir stabil bustadmarknad og betre moglegheiter for unge til å kome seg inn på bustadmarknaden. 

 

SV ønsker å stanse bustadspekulasjon. Det å tene pengar på bustadsalg er nedfelt i den norske "folkesjela". Men SV meinar sjølve at dei er det einaste partiet som følger opp det nærast samstemte rådet frå norske økonomar om å skattlegge bustad hardare. Dette vil SV gjere for å skape ein meir stabil og rettvis bustadmarknad. Det gjeld særleg fordelane ved å eige sekundærbustadar – SV ønsker å dreie investeringar over frå bustad til andre og meir produktive næringar som skapar arbeidsplassar. 
 

SV sin retro bustadpolitikk ligg på mange område tett opp mot Leieboerforeningens bustadpolitiske plattform, og scorar høgt på lista vår. Men om du vil vite om du bør gi stemma di til SV eller eit av dei andre partia som i desse dagar er på friarferd, må du følge med vidare på vår uhøgtidelege partianalyse, Politikerpreik. 

 

Sjå dei andre videoane her 

Politikerpreik volum 1: Miljøpartiet
Politikerpreik volum 2: Senterpartiet
Politikerpreik volum 3: Arbeiderpartiet
Politikerpreik volum 4: Framstegspartiet
Politikerpreik volum 5: Venstre


Relaterte artikler

Politikerpreik volum 7: Raudt Raudt er ein av årets store snakkisar i valgkampen. Partiet ligg an til å gjere sitt beste valg nokonsinne, og ein plass på Stortinget er innan rekkjevidde. Men vil partiet dra oss baklengs inn i framtida og reversere gjere oss alle til kommunale leigebuarar, eller? Vi har tatt ein prat med Bjørnar Moxnes, partileiar i Raudt.

Et hjem, ikke en bolig Det finnes rundt 20.000 mennesker med utviklingshemming i Norge. 86 prosent bor i leid bolig, nesten utelukkende med kommunen som utleier. Leieboerforeningen har tatt en prat med Hedvig Ekberg, generalsekretær i Norsk Forbund for Utviklingshemmede, en interesse- og medlemsorganisasjon med 8000 medlemmer.

Ikke alle utleiere tar markedspris Norge har et av verdens minst regulerte leiemarkeder. Til og med kommunale boliger for vanskeligstilte styres av markedspris. Nå snakkes det igjen om ikke-kommersielle utleieboliger i hovedstaden. Vi har besøkt et av de få ikke-kommersielle boligprosjektene som eksisterer i dag.

Finanstilsynet kan lappe på et boligmarked som ikke virker, men ikke reparere det Boligprisene stiger urovekkende mye. Årsveksten på landsbasis er på 9,1 prosent, og i Oslo på så mye som 16,3 prosent. Gjeldsveksten stiger selvsagt i takt, og det fryktede ordet «boligboble» dukker opp i nyhetsdekningen. Det er nødvendig med tiltak, og Finanstilsynet har servert forslag til akuttløsninger, skriver Dagbladet på lederplass. Vi gjengir lederen her:

Regulering fungerer! Boligmarkedet har blitt overlatt til spekulantene. Er det virkelig bedre enn etterkrigstidens politikk?