I stortingsprogrammet skriv Venstre at bustaden er eit grunnleggjande velferdsgode, og at bustadpolitikken er ein sentral del av statens velferdspolitikk. Delar av bustadpolitikken handlar om å leggje til rette for utbyggjarar, men blir det betre for leigebuarane av den grunn?
Venstre vil, som fleirtalet på Stortinget, forenkle regelverket for utleige av del av eigen bustad. Leieboerforeningen er skeptiske til delar av TEK 17, men Venstre forklarar at føremålet er å gjere det enklare for enkeltpersonar å leige ut del av eigen bustad, utan at det skal gå på akkord med butryggleiken og bukvaliteten. Ei forenkling vil ikkje aleine løyse problemet med for få utleigebustadar. Difor meinar Venstre at det må vurderast nye tiltak for å stimulere til utbygging av fleire utleigebustadar med god kvalitet. Staten må inn i større grad enn i dag for å sørgje for variasjon i utbyggjinga, slik at vi kan få gode og varirerte bu- og utleigeområder.
Kva med dei vanskelegstilte på bustadmarknaden?
Startlån til vanskelegstilte skal sikrast, står det i programmet. Venstre fortel at dei alltid har stått på for å sikre startlån til vanskelegstilte, og har mellom anna vore med på å sikre at nedbetalingstida for startlån vart utvida frå 20 til 30 år. No ynksjer partiet å utvide startlånsordninga. Venstre foreslo å utvide Husbankens låneramme med 25 milliardar kroner i det alternative budsjettet for 2017, for at fleire vanskelegstilte skulle kune søkje. Venstre vil også auke Husbanken sine lånerammer for å kunne gi lån til ordinære utleigebustadar, og ikkje berre sosialbustadar.
Husbankens rolle
I Stortingsprogrammet står det at Venstre vil sjå på ei samordning av Kommunalbanken og Husbanken.
Venstre meinar at dette vil styrkje Husbanken, og gjere den til eit sentralt virkemiddel for å byggje fleire bustadar, spesielt bustadar tilpassa dei som står svakt i den ordinære marknaden. Dette inkluderar utleigebustadar, men også studentbustadar, ungdomsbustadar (Ungbo), og bustadar tilpassa eldre. Venstre meinar ei samordning vil sikre ei effektiv, statleg utlånsverksemd.
Er bustadpolitikken god nok?
Leieboerforeningen er både samde og usamde med Venstres bustadpolitikk. Vi har lagt merke til at Husbanken skal styrkast, men samstundes vurderast det å slå saman Husbanken og Kommunalbanken. Det trur vi vil svekkje fagmiljøet til Husbanken heller enn å styrke det.
Leieboerforeningen er no halvvegs i vår uhøgtidelege serie om haustens stortingsvalg. Rett før valget vil vi gje våre lesarar ei anbefaling om kven vi meinar har den beste politikken for leigebuarane. Følg med vidare!