I handlingsprogrammets kapittel om bustadpolitikk leggjast det stor vekt på at det skal tilretteleggjast for raskare utbyggjing. Bustadpolitikken er næringsvenleg, og leigebuarane blir via lite merksemd. Er det slik at eigedomsretten er svaret på alt, spør vi Helge Andre Njåstad, bustadpolitisk talsmann for Framstegspartiet og leiar av kommunalkomiteen på Stortinget.
- Meir skatt gir ikkje fleire bustadar. FrP er opptekne av at vi skal leggje til rette for at det blir enklare og billegare å byggje, slik at tilbodet samsvarar med etterspurnaden. Dersom det til ei kvar tid er nok bustadar, vil bustadprisamne ha moderat prisstigning både på kjøpe- og leigemarknaden. FrP meinar at eigedomsskatten rammar uheldig og gjer det enno vanskelegare for unge menneske å kome seg inn på bustadmarknaden. Leigeprisane vil også gå opp med aukande kommunale avgifter.
Viss støtteordningane er så gode at det ikkje vil løne seg å kome seg i arbeid, då har samfunnet kome på feil spor.
Kva med bustøtta?
Fram til 2017, då bustøtta vart indeksregulert, vart ordninga svekka år for år med Framstegspartiet i regjering. Samstundes har antalet vanskelegstilte vore vedvarande. Bustøtte er ei rettigheitsfesta ordning som gjer at folk med høge buutgifter og svært lave inntekter skal kunne bu i ein egna bustad. Gjennom fleire år har ikkje kriteria for bustøtte blitt justert i takt med endringar i inntekt og bukostnadar. Frå 2011 til 2016 falt 20.000 husstandar ut av bustøtteordninga, hovedsakelig på grunn av for høg inntekt / pensjon. Dei som er innanfor ordninga får også ein stadig mindre del av buutgiftene dekka, og andelen som har buugifter over det godkjente taker har auka frå 55 til 76 prosent dei siste fem åra. Kva tenkjer FrP om dette? I samtala på Stortinget argumenterar Njåstad for at ei stram bustøtteordning er viktig for å få folk til å komme i arbeid.Viss støtteordningane er så gode at det ikkje vil løne seg å kome seg i arbeid, då har samfunnet kome på feil spor, forklarar Njåstad. I ein epost til Leieboerforeningen legg FrP til at at alle dei som faktisk treng slike ordningar skal omfattast, og at det er heilt naturleg å sjå på korleis ordningane må utformast for å ta høgde for endringar i bustadprisane og andre høve.
Streng, men urettferdig
Leieboerforeningen meinar at bustøtteordninga er for streng, og at den bidreg til å auke forskjelane mellom fattig og rik. Vi trur heller ikkje at ei stram ordning kan motivere folk til å kome seg i arbeid; det er tross alt mange mottakarar av bustøtte som er kronisk sjuke eller som av andre grunnar ikkje kan jobbe, og vi trur også at langt på veg dei fleste som står utanfor arbeidslivet har eit ønske om å kome seg i jobb.
Vil du vite kva Leieboerforeningen meinar om FrP sin bustadpolitikk i sin heilskap, og kva vi meinar om dei andre partia på Stortinget, må du følge med vidare. Neste parti ut er Venstre.