Politikerpreik volum 2: Senterpartiet

Senterpartiet står for tur i LbF sin uhøgtidelege valkampserie. SP sitt engasjement for distrikta treng vel ingen introduksjon, ei heller SP sitt kjærleiksforhold til sjølvaste Bustadsdepartementet – KMD. Men korleis står det til med storbypolitikken?





Etter fleire vanskelege år, har Senterpartiet no vind i segla. På meiningsmålingane gjer partiet det stort, og regjeringsmakt er innan rekkjevidde. Senterpartiet markerar seg med kampen mot kommunereformen, støtte til landbruket og rovdyrmotstand. Ein gjennomgang av partiprogrammet viser at partiet har ei solid bustadpolitisk plattform som også gagnar leigebuarar i dei store byane. Leieboerforeningen har møtt partiets Oslo-kandidat, Aisha Naz Bhatti, for å finne ut korleis det står til med distriktspartiet sin by-politikk, og bustadpolitikken generelt. 
 

 

Eige, eige, eige
Også Senterpartiet har eit mål om at flest mogleg skal eige bustaden sin. Det skal skje gjennom ei styrking av Husbanken, og ved å forenkle regelverket for byggjesaker. Leieboerforeningen er skeptiske til ei slik forenkling, men SP foreslår også krav til effektiv energiforsyning, slik at det ikkje berre er utbyggjarane som vinn på forenklinga. Meir interessant er at partiet vil opne for sjølvbyggjing for å få ned byggjekostnadane. 

Vil den deregulerte bustadmarknaden til livs
Naz Bhatti frå Oslo Senterparti fortel oss at Senterpartiet er eit parti for alle som ønskar eit samfunn med mindre forskjelar, og at bustadmarknaden vi har i dag, vanskeleggjer dette. 

Vi treng å få kontroll på Europas mest deregulerte bustadmarknad - nemleg vår eigen. 

- Det kan ikkje vere slik at folk ikkje har råd til å bu anstendig, eller at folk skal streve med å finne ein egna stad å bu. Vi må få leigeprisane ned på eit fornuftig nivå. Der kan kommuna ta grep ved å regulere leigeprisane og å ikkje leige ut kommunale bustadar etter marknadspris. Vi må få fleire ikkje-kommersielle bustadar, seier Oslo-kandidaten engasjert til Leieboerforeningen når vi møter ho på Stortinget. I partiprogrammet står det også at at bustøtteordninga skal styrkast - eit tiltak som vil gjøre det lettare for vanskelegstilte å greie dei månadlege utgiftene. 

Når vi spør kva Senterpartiet sin bustadpolitikk eigentleg er, fortel Bhatti at partiet ynskjer eit bustadsosialt løft i Noreg, for å sikre alle rett til eigen bustad. Då skal Husbanken styrkast, og kommunene oppfordrast til å lage lokale forskrifter for å regulere leigemarknaden. Husleigeregulering var ein del av husleigelovgjevinga fram til tusenårsskiftet, då lova vart oppheva. Oslo og Trondheim bevarte delar av si husleigeregulering heilt fram til 2010 gjennom forskrifter, og det er altså mogleg å innføre nye lokale forskrifter for å regulere husleigenivået i pressområder dersom vilja er der frå politisk hold. 

Å få flest mogleg inn i eigd bustad er Senterpartiet sitt viktigste bustadpolitiske virkemiddel, men partiet har også ein solid leigepolitikk, og Oslo-kandidaten Bhatti går langt i å antyde at marknadskreftene har fått løpe løpsk lenge nok no. 

Hvis du vil vite kva Leieboerforeningen eigentleg meinar om dei ulike partiprogramma, må du følge med vidare. Når alle programma er gjennomgått, vil vi rulle terningen og fortelje deg kva slags parti som har den beste leigepolitikken. 

 


Relaterte artikler

Boligpolitikk takk Leieboerforeningen har lenge etterlyst et større fokus på boligpolitikk i valgkampen, og i år ser vi resultater av vårt arbeid i Oslo – boligpolitikk er endelig på dagsorden og begreper som sosial boligpolitikk, gjengs leie, tredje boligsektor, medvirkning, innelåsningseffekter og fattigdomsfelle diskuteres hyppig blant våre folkevalgte. Fram mot valget slipper vi våre folkevalgte til orde - og til slutt gjør vi opp status og forteller deg hvilket parti som har den beste boligpolitikken for leieboerne i hovedstaden.

Blokka vår - Kommunale leieboere forteller Hvordan opplever kommunale beboere hverdagen? Spør du leieboerne, vil du raskt få historier om små og store utfordringer som bidrar til å forsterke enn ellers krevende hverdag. Vi har intervjuet noen kommunale beboere og latt forfatter Vigdis Hjorth dramatisere historiene ned til fem korte filmer.

Politikerpreik - samleside Gjennom sommeren har Leieboerforeningen under overskriften Politikerpreik snakket med alle partiene. Målet har vært å bli litt klokere på partienes boligpolitikk og leiesektoren spesielt. Her har vi samlet alle videoene. God fornøyelse.

Politikerpreik volum 9: Høgre Høgre er regjeringspartiet med stor R. Med både statsministeren og bustadminister Sanner har Høgre stor innflytelse på bustadpolitikken vår. Høgre har også eit stort engasjement for bustadpolitikk, og eit gjennomarbeida program. Vi har møtt Mudassa Kapur frå Kommunalkomiteen for å snakke om eigarlinja, leigebuarar og den frie marknaden.

Politikerpreik volum 8: Kristeleg Folkeparti Kristeleg folkeparti er eit verdibasert parti med hjarte for samfunnets svake. Vi har møtt stortingsrepresentant Geir Toskedal for å snakke om den vanskelege bustadmarknaden, og vi møtte ein folkevalgt som var åpen for å sjå ting frå fleire vinklar.