Fyrst ute er Miljøpartiet de Grønne. " />

Politikerpreik volum 1: Miljøpartiet

Valkampen er så smått i gang, og også denne gongen er bustadpolitikk eit heitt tema. Alle parti med respekt for seg sjølv seier "noko" om at leigebuarane må kunne bu trygt og godt, men gjenspeglast det i partiprogramma?
Fyrst ute er Miljøpartiet de Grønne.





MdG er eit blokkuavhengig parti, representert på Stortinget ved Rasmus Hansson. Under førre kommunevalg gjorde MdG det stort, og gjekk frå 30 til 285 folkevalgte rundtom i landets små og store kommuner. I hovedstaden har partiet også havna i byråd med heile to byrådspostar, inkludert byutvikling, den førande byrådsposten når det gjeld å utvikle Oslos bustadpolitikk.
Vi har snakka litt med Une Aina Bastholm. Ho er nasjonal talsperson for partiet, og har kontor på Stortinget, der ho er ansatt som politisk rådgjevar. 
 
 
 

Eigarlinja koste kva det koste vil? 
Den norske bustadpolitikken skiljer seg ganske drastisk frå andre land vi likar å samanlikne oss med, ved at vi i stor grad favoriserar bustadeigarar. Leieboerforeningen meinar at eigarlinja har nokre svakheiter, og at det er dei som står utanfor som blir eigarlinjas offer. Er det på tide å mjuke opp eigarlinja litt og å opne for fleire rimelege utleigebustadar og profesjonelle utleigarar, eller er det eigarlinja som er mantraet også for MdG, spør vi. 

- Miljøpartiet er samde i at eigarlinja har ein del ulempar ved seg, sjølv om det er bra at mange eig sin eigen bustad. Nokre stadar, som i Oslo, er tilbodet av utleigebustadar for dårleg, det er for få profesjonelle utleigarar, og prisane er for høge. Det går utover dei som av ymse grunnar ikkje ynskjer å leige, fortel Bastholm. 

MdG jobbar for ein forutsigbar utleigemarknad med akseptabelt prisnivå for dei som ikkje ynskjer eller kan eige sjølve. Dette talar for fleire profesjonelle aktørar, men det kan også vere idelle utleigeselskap eller kommuna som utleigar. 

I Oslo ynskjer Miljøpartiet å prøve ut dette, og då kjem det godt med å inneha byrådsvervet for byutvikling. Denne byrådsavdelinga samarbeidar nemleg tett med Husbanken, som er den viktigste finansieringskjelda til stat og kommuner i det bustadsosiale arbeidet. 
Byråd for byutvikling Hanna Marcussen har sidan 2016 jobba med ein modell for såkalla allmennbustadar i Oslo, og byråden ønskar å prøve ut konseptet. Allmennbustadar er godt kjent i Danmark, der om lag 500.000 husvære er organiserte som ikkje-kommersielle utleigebustadar, utan spesielle krav til kven som skal få bu der. På denne måten blir kommunale utleigebustadar eit supplement til eigarmarknaden, også for folk med vanleg inntekt. 


Målet vårt er mer mangfold i bustadar og eigarformer. Vår bustadpolitikk har fokus på bustaden som ein heim, og at alle skal ha moglegheit til å eige eller leige ein bustad til overkommeleg pris, med god bukvalitet og gode nærmiljø. Vi vil ha ei aktiv sosial bustadbyggjing, og generelt sikre ei bredde og eit mangfalt i bustadane som byggjast. 

Spørsmål frå eit medlem
Eit av våre trufaste medlemmar, Anne, lurar på korleis MDG skal  demme opp for bustadspekulasjon og bustadhaiar. 
- Dette er eit veldig viktig spørsmål. For bustadsektoren og for samfunnet ellers er det uheldig at det er så mykje bustadspekulasjon. Bustadspekulasjon fører jo også til at privat kapital blir investert i eigedom heller enn i tiltak som kan bli arbeidsplassar. Vi har fremja nokre tiltak på Stortinget allereie, som å trappe ned rentefradraget på bustad og å auke beskatninga på det som ikkje lenger kan reknast som ein heim, men som eit investeringsobjekt. Vi må også sikre at det byggjast nok gode bustadar slik at marknaden ikkje lenger er så pressa. 


Dette høyres ikkje så verst ut, vel? 
Så gjenstår det å sjå om MdG greier å oppnå å kome i posisjon etter Stortingsvalget, slik at dei får moglegheit til å gjennomføre bustadpolitikken sin. I mellomtida kan vi følge med på kva MdG oppnår i Oslo-politikken. Oslo er som kjent det geografiske området i landet med flest vanskelegstilte og høgast press på bustadmarknaden, så i hovedstaden er det nok å ta tak i for Miljøpartiet. 

 

 


Relaterte artikler

Boligpolitikk takk Leieboerforeningen har lenge etterlyst et større fokus på boligpolitikk i valgkampen, og i år ser vi resultater av vårt arbeid i Oslo – boligpolitikk er endelig på dagsorden og begreper som sosial boligpolitikk, gjengs leie, tredje boligsektor, medvirkning, innelåsningseffekter og fattigdomsfelle diskuteres hyppig blant våre folkevalgte. Fram mot valget slipper vi våre folkevalgte til orde - og til slutt gjør vi opp status og forteller deg hvilket parti som har den beste boligpolitikken for leieboerne i hovedstaden.

Blokka vår - Kommunale leieboere forteller Hvordan opplever kommunale beboere hverdagen? Spør du leieboerne, vil du raskt få historier om små og store utfordringer som bidrar til å forsterke enn ellers krevende hverdag. Vi har intervjuet noen kommunale beboere og latt forfatter Vigdis Hjorth dramatisere historiene ned til fem korte filmer.

Politikerpreik - samleside Gjennom sommeren har Leieboerforeningen under overskriften Politikerpreik snakket med alle partiene. Målet har vært å bli litt klokere på partienes boligpolitikk og leiesektoren spesielt. Her har vi samlet alle videoene. God fornøyelse.

Politikerpreik volum 9: Høgre Høgre er regjeringspartiet med stor R. Med både statsministeren og bustadminister Sanner har Høgre stor innflytelse på bustadpolitikken vår. Høgre har også eit stort engasjement for bustadpolitikk, og eit gjennomarbeida program. Vi har møtt Mudassa Kapur frå Kommunalkomiteen for å snakke om eigarlinja, leigebuarar og den frie marknaden.

Politikerpreik volum 8: Kristeleg Folkeparti Kristeleg folkeparti er eit verdibasert parti med hjarte for samfunnets svake. Vi har møtt stortingsrepresentant Geir Toskedal for å snakke om den vanskelege bustadmarknaden, og vi møtte ein folkevalgt som var åpen for å sjå ting frå fleire vinklar.