Grønnsakshagar i kommunale gårdar

Kommunale gårdar har ofte dårlege uteområder som opplevast som utrivelege og utryggje. Og det eine leiar ofte til det andre. Det ønskar Leieboerforeninga å gjere noko med. Difor samarbeidar vi med gårdsstyrer og Nabolagshager om å lage grønnsakshager for born og vaksne i kommunale gårdar i Oslo.





I år er kommuanle bustadar i Oslo eitt av Leieboerforeninga sine fokusområder. Vi undersøkjer korleis bebuarane sjølve kan bidra til å betre bumiljøa gjennom gode medverknadsprosessar. Vi er involverte i bumiljøprosjekt både i Gamle Oslo og på Stovner. I mange av dei kommunale gårdane er det ofte utrivelege uteområder. Og når desse gårdane ligg i belasta områder, kan ofte ein kommunal gård tiltrekkje seg uønska aktivitet. Forsking viser at det sjeldant er overvakingskamera og sikkerheitsvakter som gjer belasta områder tryggjare. Fysisk nærvær av barn og vaksne, positive sosiale aktivitetar, betre lyssetjing og fine uteområder kan like gjerne fungere - og ikkje minst bidreg gode uteområder til at bebuarar får sosiale møteplassar, og slik kan også ei plantekasse med tomatar og urter bidra til betre bumiljø. 

Leieboerforeningen har inngått eit spennande samarbeid med Nabolagshager, som skal hjelpe born i utvalgte kommunale gårdar med å lage grønnsakshagar. Prosjektet er inspirert at liknande dyrkingsprosjekt i sosialbustadar i København. "Solsikkebarna" har som visjon å gjere kvardagen for born som veks opp i fattigdom og utfordrande sosiale kår litt meir positiv, samtidig som at prosjektet skal trigge fellesskap og omsorg for omgjevnadane også blant dei vaksne", heiter det i prosjektbeskrivelsen i dette spennande prosjektet som LbF også får delta i, gjennom dei kommunale gårdane vi bistår på Tøyen og Stovner.

I løpet av våren skal born og vaksne i tre-fire kommunale gårdar delta på dugnadar der dei plantar urter og grønnsaker, og dekorerar dei fine plantekassene som Nabolagshager snekrar på verkstaden sin. Og kven veit - kanskje blir det hønsegård og bier til neste år?

 

 

 


Relaterte artikler

Leietakere bor dårligere enn eiere Leietakere bor dårligere enn eiere, med mindre tilgang på utearealer, mindre plass og høyere boutgifter, viser Statistisk Sentralbyrå sin store sammenlignende undersøkelse av leie-og eieboliger i Norge

LbF samarbeidar med bydel Stovner Bydel Stovner og LbF har gått saman om eit prosjekt som skal bidra til å skape betre bumiljø i bydelen. Prosjektet har fått støtte frå Husbanken, og kan sjåast i samanheng med det forpliktande boligsosiale utviklingsprogrammet som Oslo kommune og Husbanken har inngått i samarbeid.

Nyhetsbrev