Byrådet innstiller til salg av Hauskvartalet





  • Byrådet innstiller til salg av Hauskvartalet


Under årets valkamp fekk bebuarar og brukarar av Hauskvartalet støtte frå opposisjonspartia i kampen for å stanse salget som det sitjande byrådet hadde igangsatt. Då byregjeringa starta sitt virke, presenterte den ei politisk plattform der fleire punkt kunne knyttast til kvartalet, mellom anna å «etablere nye og nåværende økologiske boligprosjekter», og å satse på ny bærekraftig arkitektur som eksperimenterar med buformer. Det skulle leggjast til rette for grøn byutvikling, der lokalsamfunn med eigen identitet og lokalt særpreg skulle takast vare på, og god lokal medverknad skulle sikrast.  Mange trakk difor eit lettelsens sukk då byregjeringa satte salget på vent. Men no har byregjeringa likevel innstilt til salg.

Innstillinga vart handsama 10.12.15, og saken skal vidare til finanskomiteen før den til slutt havnar i bystyret, der den mest sannsynleg vil få fleirtal. SV var ikkje til stades under handsaminga av byrådssaken, som har fått stor merksemd i media den siste tida.

Byøkologiske prosjekt har fått hard medfart i Oslo
Medverknadsprosessar er kompliserte, og Oslo kommune har i lita grad evna å ta vare på og leggje til rette for brukarstyrte byøkologiske bustadprosjekt i byen. Ei heller miljøet i Hausmannsgate, sjølv om reguleringsplanen frå 2008 slo fast at eit miljøprogram for kvartalet skulle utarbeidast i samarbeid med kvartalet og eigarane.  Både aksjonsbaserte og meir organiserte økologiske bustadprosjekt har blitt stemoderleg handsama av det førre byrådet. Dei eineste formaliserte byøkologiske prosjekta har måtte segle sin eigen sjø, og forslag til nye prosjekt, som det godt gjennomarbeida forslaget frå organisasjonen Økobo i 2008, vart høfleg avvist.
Noreg, og spesielt Oslo, stiller bakerst i køen kva gjeld byøkologi, men med byregjeringa si offensive nye plattform og med Miljøpartiet i posisjon, var det mange som såg føre seg at Oslo endeleg skulle ta igjen litt av forspranget resten av Europa har. Då er det essensielt at vi vernar om dei eksisterande prosjekta.

Ekspertar på brukarmedverknad
Bebuarane i Hausmannsgate 40 er Noregs framste ekspertar på brukarmedverknad. Dei har 15 års erfaring; dei veit kva som fungerar og kva som ikkje gjer det. Dei er ekspertar på verkstadar, på husmøter, konsensus og flat struktur, på konfliktløysing og på bumiljø; i det hele tatt er dette eit miljø som innehar erfaringar og kompetanse som det tar svært lang tid å byggje opp, nettopp fordi slike kunnskapar er erfaringsbaserte. Prosjektet scorar høgst på den velkjende skalaen for brukarmedverknad, nemleg «citizen power» - brukarstyring. 

Fleire, ikkje færre
Dessutan har vi bruk for fleire, og ikke færre ikkje-kommersielle utleigebustarar i Oslo. Byregjeringa har sjølv fastslått at dei skal utgreie moglegheiter for slike bustadprosjekter i kommande periode. Då er det uklokt å avslutte eit velfungeande ikkje-kommersielt bustadprosjekt, som kunne ha fungert som læringsarena og forbilde.

Signala frå Urbanium er vanskeleg å misforstå; dei vil ha okkupantane ut av bygget. Dei stiller også spørsmål ved kor vidt bebuarane i Hausmannsgate 40 også kan reknast som brukarar av kvartalet, sjølv om reguleringsplanen slår dette fast. I så måte burde byrådet ha vurdert Urmaniums bud som lite eigna til å realisere medverknads-aspekta som er gitt i reguleringsplanen. Ved å bli ein aktør i denne prosessen vil Urbanium utradere eit miljø med kunnskapar som er essensielle for å vidareutvikle kvartalet i tråd med reguleringsplanen frå 2008. Urbanium og byregjeringa sikrar dermed at Oslo kommune spenner bein på seg sjølv på vegen til å bli ein grønare hovedstad.
 

Nyhetsbrev