Nye takter i Bodø





  • Nye takter i Bodø
    Ordførar og varaordførar presenterar det nye bystyret (Foto:Bodø kommune)

I Bodø har Arbeiderpartiet og Raudt fått fleirtal i det nye bystyret. Leieboerforeningen har tatt ein prat med varaordførar Synne Bjørbæk frå Raudt, som fortel om ein ambisiøs plan for den kommande valgperioda. Grunnlaget for samarbeidsavtala til bystyret er mellom anna eit styrka kommunalt tenestetilbod og stans av privatisering. Eigedomsskatten skal aukast, og politikergodtgjerdsla skal senkjast. Og planen er å få bygd 400 nye kommunale bustadar.

Leigemarknaden i Bodø er hard, og prisane har dei siste åra vore svært høge. Jamn vekst i folketalet og treig bustadbyggjing har gjort sitt til å presse opp prisane. Det er også stor mangel på studentbustadar i byen, og ei undersøkjing avisa Nordland gjorde i 2013, syner at Bodø har lågast antal studentbustadar per student i landet. Dessutan er det lang ventetid på kommunale bustadar, og det nye bystyret har lagt opp til ein ambisiøs plan for å løyse dei store utfordringane kommuna står ovanfor.

Samarbeidsavtale spissar kommuneplanen
I kommuneplanen som vart vedteken i forrige bystyreperiode, ​slåast det fast at antal nybygde bustadar må doblast for å dekkje behovet. Avtala som ligg til grunn for det nye samarbeidet, seier mellom anna at "kommunens organisasjon rigges for å skaffe kommunale tomter og bygge rimelige boliger i kommunal regi, med mål om å bygge 400 boliger for utleie i perioden".

Ambisiøst, men mogleg
Talet er satt ut i frå det reelle behovet, fortel den nyvalgte varaordføraren. "Leigemarknaden er tøff - det er skyhøge prisar, og kontraktene er ofte kortvarige. Det inneber at mange må flytte ofte. Samstundes er det to års ventetid på dei kommunale utleigebustadane. Ved å etablere ein prisregulert bustadsektor utanfor marknaden, og samstundes rigge kommuna for byggjing av nye utleigebustadar vil vi kunne få ned prisane også i den private leigemarknaden, seier Bjørbæk til Leieboerforeningen.


Relaterte artikler

Den beste leigebuarpolitikken - MDG er vinnaren I sommar har vi i Leieboerforeningen snakka med alle partia som er aktuelle for dei fire neste åra på Løvebakken, og med ei knapp veke igjen til valget, gjenstår det berre å kaste terning på dei respektive partias bustadpolitikk. Best ut kjem Miljøpartiet De Grønne.

Leieboerforeningens boligpolitiske arbeid Et av LbFs viktigste virkeområder er å arbeide interessepolitisk for å ivareta og styrke leieboernes sak i forhold til lovverket og i andre saker knyttet til boligleiesektoren. Dette er fastslått i vedtektene, og i løpet av året avholder vi en rekke møter med politiske partier, vi samarbeider med kommuner og utbyggere om prosjekter som gagner leieboere spesifikt, eller leiesektoren generelt, og vi avgir høringssvar på aktuelle saker. Dessuten sender vi brev til departement og andre angående saker vi mener er viktige.

Rimelege bustadar viss kommunene vil I midten av juni publiserte Manifest Analyse "Kommunene byggjer landet", ein rapport om handlingsrommet for aktiv bustadspolitikk i kommune-...

Forvirrande om huseleigegaranti Dei siste åra har det blitt meir vanleg at nye leigetakarar får tilbod om å inngå avtale om husleigegaranti i staden for depositum. Sidan garantisumme...

Tall og fakta om kommunale boliger Nye tall viser at kommunene fikk nesten 38 300 søknader om kommunal bolig. Dette er 4 prosent flere enn i 2011, og det høyeste antallet som er re...