Sekundærbustadar gjer vanlege folk til hushaiar

I dei største byane i Noreg er i gjennomsnitt 17% av bustadane eigde av folk som bur ein annan stad. Mange vèl å investere sparepengane i leilighet i storbyen, medan dei er busette andre stader i landet. Dette aukar fara for boligboble, åtvarar fleire økonomiar om, i ein artikkel i Klassekampen.


  • Publisert: torsdag 30 juli, 2015 - 10:38
  • Skrevet av: ARA



  • Sekundærbustadar gjer vanlege folk til hushaiar
    Elisabeth Holvik (Foto: Sparebank1)

Å investere i bustad har blitt ei vanleg spareform i Noreg. I følgje Skatteetaten er det 50.000 sekundærbustadar i Oslo, og i sentrumsbydelane er heile 30 % av bustadane sekundærbustadar.

Sjefsøkonomi Elisabeth Holvik i Sparebank1 seier til Klassekampen 29. juli at dette er dårleg nytt for bustadmarknaden.
Resultatet blir etterkvart at prisane blir så høge at den neste generasjonen som skal inn på bustadmarknaden, ikkje greier det. Dessutan er denne forma for investering med på å auke fara for boligboble, fordi folk investerar i bustad med forventjing om auka verdi på bustaden.

Samfunnsøkonomisk Analyse er bekymra
Sjefsøkonomi i Samfunnsøkonomisk Analyse, Roger Bjørnstad, er samd med Holvik i at eit skattesystem som legg til rette for bustad som investeringsobjekt, skapar urettferdigheit. Så lenge sekundærbustadane blir leigd ut, er dei ikkje med på å skape bustadmangel, men uansett vil slike investeringar bidra til å auke prisane.

Pengane bør investerast ein annan stad
Holvik påpeikar også at bustadinvestering ikkje er gunstig for samfunnet. Pengane som pumpast inn i bustad, kunne blitt investert på andre måtar, og skapt arbeidsplassar. Å kjøpe bustad skapar ikkje verdiar for samfunnet det er berre ei finansiell investering ei eit daudt objekt, ikkje verdiskapande næringsverksemd, seier ho til Klassekampen.


Les saken i Klassekampen