Sosialinnovatør satsar på ungdomsbustadar

Kompass & CO er ein Oslo-basert sosial-innovatør som jobbar med og for ungdom. Kompass & Co sitt hovedfokus er å skape mestringsarenaer for ungdom mellom 15 og 25 år som på ein eller annan måte ikkje finn sin plass i samfunnet. Dei har valgt å jobbe innanfor arenaane matproduksjon, urban dyrking og redesign, men sidan behovet for gode bustadar for ungdom er så stort, bestemte dei seg for å jobbe for å opprette ungdomskollektiv over heile landet.


  • Publisert: tirsdag 23 juni, 2015 - 12:36
  • Skrevet av: ARA



  • Sosialinnovatør satsar på ungdomsbustadar
    Foto: Kompass & CO

Leieboerforeningen har snakka med Nadina Helen Bakos frå Kompass & CO om det planlagte bustadprosjektet, som har fått bustadsosiale midlar frå Husbanken i år. Ho fortel at prosjektet er i startgropa, og at dei no jobbar for å innleie samarbeid med bydelar i Oslo om å finne gode løysingar. I indre Oslo Aust er det vanskeleg å få tilgang på bustad på den private marknaden for unge vanskelegstilte, og det er også lang ventetid for å få tildelt kommunal bustad. Mange unge som har vakse opp med barnevernstiltak har dårlege framtidsutsikter, og Kompass & CO har tru på at ein god bustad er ei viktig brikke for å endre på dårlege livskår. 

Stort behov
Kompass & Co har allereie eit ungdomsprogram med 40 tilknytta ungdommar, der dei bistår med mellom anna buoppfølgjing. Mange må lære seg å bu, og det å ta ansvar for eigen økonomi er eit viktig tiltak for å meistre busituasjonen. Å skape nye modellar for korleis ein kan jobbe med ungdom i parallelle løp, gjennom hjelp til bustad, helse og arbeid, er eitt av satsingsområda til Kompass & CO. I sosial innovasjon er det brukarane sine ressursar som er drivkrafta bak prosjekta, og i prosjektet «Min bolig», skal ungdommane sjølve definere, designe og utføre tenestane dei skal nytje seg av, og brukarmedverknad er ein føresetnad for å oppnå eit godt resultat. Ungdommene drømmer om eigen bustad, og at bustaden skal være ein god og trygg stad.

Avlastar kommunene
Sjølv om Kompass & CO har tilknytta seg 40 ungdommar, er behovet enormt, og hadde dei hatt kapasitet, ville dei ha opna dørene for mange fleire. Desse ungdommane er under tiltak som ikkje er tilstrekkelige for dei. Mange av ungdommane har erfaring frå barnevern og øvrig hjelpeapparat, og ein stor andel har ikkje opplevd skulen som en mestringsarena. Ved å hjelpe dei til å hjelpe seg sjølve, vil Kompass & CO sine tilbod avlaste kommunene økonomisk, og bidra til å gje ungdommane moglegheit til å bryte ut av dårlege mønster. Dette gjør dei i stor grad allereie, gjennom andre arbeidstiltak, men ein stabil og god bustad er ein føresetnad for å fungere godt på andre plan, og difor vil dette bli ein del av Kompass  & CO sitt tilbod.  

I startfasen 
Prosjektet er no i startfasa, og fokuset er å skape nye arena for samarbeid, og gradvis å utvikle bustadmodellar. Modulbustadar er eitt alternativ dei ser på, og ulike modellar for organisering skal utgreiast. Leige-til eige er ein moglegheit, gode langtidskontrakter er ein annan. Leieboerforeninga meinar slike tiltak kan gi stor gevinst, både for den einskilde og i form av samfunnsbesparingar, og vi ser fram i mot å følgje med på bustadsatsinga til Kompass & CO.