Leieboerforeningen med ny styreleiar

19. mai avholdt Leieboerforeninga årsmøte på Håndverkeren kurs- og konferansesenter i Oslo. Val-komiteens leiar Christian Hellevang gjorde greie for komiteens innstilling, og meldte at styreleiar og nestleiar på eiga hand hadde ytra ønske om å bytte plass.





  • Leieboerforeningen med ny styreleiar
    Sigmund Aunan er LbF sin nye styreleiar.

Valkomiteens innstilling vart einrøystes vedteke, og dermed er Sigmund Aunan LbF sin nye styreleiar. Han er til dagleg ansatt i Batteriet, Kirkens Bymisjons sjølvhjelpskontor for ideelle organisasjonar, og gjennom Batteriet har han samarbeida tett med Leieboerforeningen i mange år.

Styreleiar gjennom dei siste åra, Therese Ustvedt, gjekk over til stillinga som nestleiar, i fellesskap med Brit Myhrvold. Ingar Bratbak vart gjenvalgt som ordinært medlem, i tillegg til at  vara for 2014, Anne Lise Stranden, vart valgt inn som medlem.
Tore Hansen vart også valgt inn som ordinært medlem. Hansen har tidlegare vore styreleiar i LbF, og kjenner organisasjonen godt. Valkomiteens leiar fortalte at det nesten er ei utfordring å fylle plassane i styret, fordi det er så mange kompetente kandidatar som ynskjer seg inn.

Raude tal for LbF i 2014
Som ideelle organisasjonar flest, er LbF avhengig av midlar frå stat og kommune for å få hjula til å gå rundt. Mot slutten av 2014 fekk vi til vår store overrasking avslag på vår søknad om momskompensasjon for friviljuge organisasjonar, og i kombinasjon med mellom anna lågare salærinntekter for advokatane og auka lønskostnadar, førte dette til eit underskot på om lag ein halv million kroner. Dette førte til store innstrammingar i organisasjonen, og vi kutta der det kuttast kunne. No har situasjonen imidlertid betra seg, og vi jobbar vidare for å opparbeide ein liten egenkapital som buffer mot dårlege tider.

Medlemsvekst og auka aktivitet
Til tross for raude tal, opplevde LbF også sterk medlemsvekst i fjor. Gjennom heile året har det vore auka etterspurnad etter våre juridiske tenester, og vi har auka kapasiteten på rådgjevingssida slik at vi har hatt moglegheit til å fortsette å kunne gje våre medlemmar rask sakshandsaming.

Gjeninnfører kollektivt medlemsskap
Nytt av i år er at LbF gjeninnfører det kollektive medlemsskapet. Det betyr at bebuarar kan organisere seg og få rabatterte prisar ved å melde seg inn i fellesskap. Husleigelova gir visse rettigheiter til medlemmar som er organiserte, og vi vonar fleire medlemmar vil sjå på moglegheita for å organisere seg saman med sine naboar. Styret vedtok også å oppjustere medlemskontigenten til 400 kr. for ordinært medlemsskap, og 250 kr. for studentmedlemsskap, gjeldande frå 1. juni.

LbF vil gjere meir for kommunale bebuarar
I fjor la Oslo Kommunale Leieboerforening ned drifta, og mange kommunale leigetakarar i Oslo har ytra ønske om at LbF skal gjere meir for dei kommunale bebuarane. I 2014 har vi samarbeida med bydel Sagene og kommunale leigetakarar i Nærmiljøskolen, og vi vonar å utvide arbeidet i 2015. 

Leieboerforeninga takkar Therese Ustvedt for ein flott innsats som styreleiar dei siste åra, og ønsker Sigmund Aunan lukke til med si nye rolle i foreninga. Vi er glade og takksame for at vi har eit styre med høgst kompetente medlemmar, og sidan kontinuitet er viktig for oss, set vi stor pris på at styresamansetnaden er så stabil som den er.

Alle sakene på årsmøtet vart einrøystes vedtekne, og styrepapira med årsberetning frå 2014, kan du lese her
 


Relaterte artikler

Ansvar for snørydding og strøing på vinteren Leieboerforeningen har fått en rekke henvendelser i vinter med spørsmål om hvem som er ansvarlig for å strø fortauet og indre gårdsrom, og fra folk som ikke kommer seg ut av sin egen bolig fordi det ikke er strødd eller ryddet snø. Vi har sett nærmere på bestemmelsene om dette

Oppsigelse ved epost - gyldig eller ikke? Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) mener at oppsigelse av leieforhold skal skje skriftlig ved brev. En oppsigelse pr epost er ikke tilstrekkelig og det vil være nødvendig med en lovendring for at en epostoppsigelse skal være gyldig. Samtidig presiserer departementet at en domstol kan komme til et annet resultat. Inntil en domstol tar stilling til dette er det derfor fortsatt uklart om en oppsigelse pr epost er gyldig eller ikke. KMDs uttalelse er likevel viktig.

Årsmøte 2015 og boligdebatt Leieboerforeningens ordinære årsmøte er 19. mai kl 17:30 på Håndverkeren Kurs- og Konferansesenter i Oslo (Sangerhallen), Rosenkrantzgate 7 (ved Hotel Bristol). Etter årsmøte følger LbF-debatten som er åpen for gratis og åpen for alle.

Ansvar for snørydding og strøing på vinteren Leieboerforeningen har fått en rekke henvendelser i vinter med spørsmål om hvem som er ansvarlig for å strø fortauet og indre gårdsrom, og fra folk som ikke kommer seg ut av sin egen bolig fordi det ikke er strødd eller ryddet snø. Vi har sett nærmere på bestemmelsene om dette

Mange krangler om utleie Antall tvister mellom utleiere og leietakere holdt seg på samme høye nivå i 2014 som året før, viser ferske tall fra Husleietvistutvalget. Erstatningskrav og skyldig leie er de vanligste konflikttemaene.