LbF samarbeidar med bydel Stovner

Bydel Stovner og LbF har gått saman om eit prosjekt som skal bidra til å skape betre bumiljø i bydelen. Prosjektet har fått støtte frå Husbanken, og kan sjåast i samanheng med det forpliktande boligsosiale utviklingsprogrammet som Oslo kommune og Husbanken har inngått i samarbeid.





  • LbF samarbeidar med bydel Stovner

Bydel Stovner har om lag 30.000 innbyggjarar. Om lag 60 prosent av bustadane er blokkleiligheter og gårdar, og 40 prosent er rekkjehus, einebustadar og små leilighetsbygg. Bydelen har jobba mykje med bumiljøarbeid dei siste åra, i tråd med både det boligsosiale utviklingsprogrammet (BOSO), og områdeløftet for Groruddalen.


Fleire skal oppleve at Stovner er ein attraktivt og trygg stad å bu
Dette er eit av effektmåla for områdeløftet, og i 2014 gjorde bydelen undersøkjingar som viste at trivselen var høg, og at mange hadde budd lenge på Stovner. Undersøkjinga viste også at det er ein høg utleigeandel i områda rundt Stovner senter, og at enkelte sameie har opp til 50 prosent utleigeandel. I utgangspunktet treng ikkje dette å vere problematisk, men fleire av styra og bebuarar i sameiga har uttrykt stor frustrasjon over såkalt "hyblifisering" av leiligheter i desse sameiga. Fleire medier har også bidratt til å rette søkjelys på dette, og fokuset gir bydelen eit dårleg ry. Eit av sameiga peikar på ei rekkje moment, som utryggleik, brannar, tekniske problem og tilsvarande, som gjev grunnlag for bekymring knytta til utvikling av bumiljøa i bydelen. Andre peikar på overbelasting av leiligheter, ved at dei leigast ut som hyblar, og at dette igjen fører til overbelasting på søppelskur, parkeringsplassar og vass-forbruk.

Er det eit problem?
Alle treng ein stad å bu, og det å leige er like riktig som å eige. For menneske med stram økonomi og dårlege odds på leigemarknaden, til dømes arbeidsinnvandrarar frå aust-Europa, kan hybelleiligheiter vere eit godt alternativ. Men viser det seg at leiligheter som er regulerte gjennom eigarseksjonslova vert nytja til andre føremål enn det lova tillet, er det eit problem. Og dersom ei overbelasting fører til friksjon mellom leigetakarar og eigebuarar, så er det eit problem.
Bydel Stovner har ei proaktiv haldning til eit potensielt problem, og har i samarbeid med LbF starta eit prosjekt som skal kartleggje omfanget av vanskelege buhøve, og igangsetje tiltak for å betre høva. Slike tiltak kan vere kurs og informasjonsverksemd til burettskag og sameiger som har behov for auka kunnskapar, og å bidra til å skape meir aktive og eventuelt også organiserte leigebuarar. 

Martin Gustavsen, som dei siste tre åra har jobba i LbF, er ansvarleg for vårt bidrag til prosjektet, og han jobbar no med ei kvalitativ undersøkjing der han snakkar både med styrer, bebuarar og utleigarar for å få betre innblikk i kor problemet ligg. Gustavsen seier at det stadig avdekkjast nye moment som påverkar buhøva, og at LbF ser fram imot å samarbeide med bydelen for å bidra til eit betre bumiljø.

 


Relaterte artikler

Grønnsakshagar i kommunale gårdar Kommunale gårdar har ofte dårlege uteområder som opplevast som utrivelege og utryggje. Og det eine leiar ofte til det andre. Det ønskar Leieboerforeninga å gjere noko med. Difor samarbeidar vi med gårdsstyrer og Nabolagshager om å lage grønnsakshager for born og vaksne i kommunale gårdar i Oslo.

Leietakere bor dårligere enn eiere Leietakere bor dårligere enn eiere, med mindre tilgang på utearealer, mindre plass og høyere boutgifter, viser Statistisk Sentralbyrå sin store sammenlignende undersøkelse av leie-og eieboliger i Norge

Snart kan du søke startlån elektronisk 2. februar åpnet Husbanken opp for å ta imot elektronisk søknad fra innbyggerne i syv utvalgte kommuner. Går alt etter planen, vil denne digitale løsningen være tilgjengelig for hele landet i mai måned.