Auka etterspurnad etter lån til kjøp av utleigebustader

Ved utgangen av februar hadde Husbanken motteke søknader om grunnlån til kjøp av utleigebustader for til saman 140 millionar kroner. Det er fem gonger så mange som same periode i 2014. Utleigebustader er høgt prioritert i Husbanken.





  • Auka etterspurnad etter lån til kjøp av utleigebustader
    Per Erik Torp, avdelingsdirektør i Husbanken.

Grunnlån til kjøp av utleigebustader blir gitt til oppkjøp av eksisterande bustader som skal brukast som utleigebustader. Husbanken er opptatt av å nytte grunnlånet til å skaffe fleire utleigebustader ut over oppkjøp av eksisterande bustader. Eit tettare samarbeid mellom kommunale og private aktørar kan bidra til å møte det stadig voksande behovet for utleigebustader. Talet på prosjekt der kommune og utbyggjar inngår avtale om kommunal tilvisingsrett for nybygde bustader, er aukande. Eit ferskt eksempel på dette er 96 utleigebustader på Bjørnåsen syd i Oslo.

– Vi ser eit potensiale i grunnlånet som vi ønskjer å nytte fullt ut for å bidra til framskaffing av fleire utleigebustader, seier Per Erik Torp, avdelingsdirektør i Husbanken.

– Vi er opptekne av å bruke Husbankens ulike virkemiddel best mogeleg og vi har ein bevisst strategi for korleis vi skal gjere det. Det går fram av statistikken av vi byrjar å sjå resultat av dette arbeidet, seier Torp.

Grunnlån til kjøp av utleiebustader utgjer tross aukinga ein liten del av den totale låneramma til Husbanken.

 Kilde: Husbanken

 

Les også:


Relaterte artikler

Utkastelser, oppsigelser og husleieøkning må stanses Vi i Leieboerforeningen blir stadig kontaktet av bekymrede leieboere som har mistet deler av inntekten sin som følge av regjeringens høyst nødvendige tiltak for å hindre spredning av coronaviruset. Vi jobber kontinuerlig for å få oversikt over leieboernes situasjon, og har nå sendt over nye forslag til boligpolitiske strakstiltak til myndighetene.

Boligpolitikk takk Leieboerforeningen har lenge etterlyst et større fokus på boligpolitikk i valgkampen, og i år ser vi resultater av vårt arbeid i Oslo – boligpolitikk er endelig på dagsorden og begreper som sosial boligpolitikk, gjengs leie, tredje boligsektor, medvirkning, innelåsningseffekter og fattigdomsfelle diskuteres hyppig blant våre folkevalgte. Fram mot valget slipper vi våre folkevalgte til orde - og til slutt gjør vi opp status og forteller deg hvilket parti som har den beste boligpolitikken for leieboerne i hovedstaden.

Politikerpreik - samleside Gjennom sommeren har Leieboerforeningen under overskriften Politikerpreik snakket med alle partiene. Målet har vært å bli litt klokere på partienes boligpolitikk og leiesektoren spesielt. Her har vi samlet alle videoene. God fornøyelse.

Politikerpreik volum 9: Høgre Høgre er regjeringspartiet med stor R. Med både statsministeren og bustadminister Sanner har Høgre stor innflytelse på bustadpolitikken vår. Høgre har også eit stort engasjement for bustadpolitikk, og eit gjennomarbeida program. Vi har møtt Mudassa Kapur frå Kommunalkomiteen for å snakke om eigarlinja, leigebuarar og den frie marknaden.

Politikerpreik volum 8: Kristeleg Folkeparti Kristeleg folkeparti er eit verdibasert parti med hjarte for samfunnets svake. Vi har møtt stortingsrepresentant Geir Toskedal for å snakke om den vanskelege bustadmarknaden, og vi møtte ein folkevalgt som var åpen for å sjå ting frå fleire vinklar.