Horten kommune sjokkerar med elendige buhøve

I Horten har "Rune" nettopp flytta inn i ein kommunal leilighet. Han betalar 5000 kr i månaden, og er glad for at han har fått ein plass å bu etter ei stund som heimlaus. Men leiligheten er prega av voldsom slitasje. Slagskader, knivmerker i veggen og gulv reparert med gaffa-tape er noko av det han viser fram til avisa Gjengangeren.





  • Horten kommune sjokkerar med elendige buhøve
    (Foto: Alexander Svanberg, Gjengangeren)

Han skulle gjerne ha budd betre, men føler at han ikkje har noko val, sidan han har vore utan bustad ei stund. Men er det slik at ein skal ta til takke med kva som helst som vanskelegstilt med boligvedtak frå kommuna?
Advokatfullmektig Ragnhild Løseth i LBF meinar Horten kommune kunne gjort ein betre jobb enn dette.

    Det er sjokkerande at kommuner leiger ut husvære med ein slik standard, til menneske som ikkje har noko val, og er avhengige av kommunas hjelp.

Eit husvære av ein slik standar er ikkje ein verdig busituasjon for nokon, og her bør kommuna ta tak for å heve standarden. Litt sparkel og maling bør vere mogleg å gjennomføre utan for store kostnadar. I meir alvorlege tilfelle, bør kommuna greie ut om helsekonsekvensane av å bu i eit husvære før det leigast ut, fortel ho.

Kva seier husleigelova?
Dersom du ikkje har vore på visning og godteke standarden, eller ikkje har avtalt noko særskilt, skal ein leigebustad vere i alminneleg god stand, jfr. husleigelova §2-2. At veggen har fleire knivmerker, og inventaret heng og sleng, er ikkje alminneleg god stand.
Dersom husværet ikkje er i vanleg god stand, er bustaden mangelfull, og då kan leigetakar krevje at utleigar rettar opp manglar. I slike tilfelle bør leigetakar sende ein skriftleg reklamasjon der han ber utleigar om å rette opp i feil og manglar ved husværet. Dersom ikkje utleigar rettar opp innan rimeleg tid, kan prisavslag og tilbakehalding av husleiga vere eit alternativ, eventuelt at leigetakar rettar opp manglane sjølv. Men dersom det vurderast å atterhalde husleiga, er det viktig å ta kontakt med ein jurist som kan gje råd om korleis prosessen med å deponere omtvista leige går føre seg, slik at leigetakaren ikkje kjem i eit betalingsmisleghald som kan føre til utkasting, rår LBFs advokatfullmektig oss.

Kommuna orsakar
Etter at Gjengangeren har skrive om saka, forklarar Horten kommune at dei syns situasjonen er lei. Bygget, som også inneheld fleire andre husvære som kan seiast å vere under pari, skal rehabiliterast, og det var aldri meininga å leige ut nokon av desse husværa no. Men kommuna ville imøtekomme "Rune" sine ynsker om snarleg bustad, og valgte å tilby han dette som ei mellombels løysing. Leiaren i den kommunale bustadstiftelsen, Harald Røed, forklarar til avisa at ei omrokkering av bustadmassa har gjort at desse slitne husværa nyleg har blitt frigjorte, og at dei ventar på midlar til å rehabilitere dei.
God eller dårleg tid - kommuna har teke seg tid til å verdsette dette vesle krypinnet til gjengs leige.

 


Relaterte artikler

Kommunen krevde titusener for mye i husleie Mona Grimstad har fått tilbake over 37 000 kroner av bydel St. Hanshaugen i Oslo. I årevis har den krevd inn altfor mye husleie i to kommunale omsorgsboliger.

Nyhetsbrev