LBF satsar kommunalt





  • LBF satsar kommunalt
    Advokatfullmektig Ragnhild Løseth underviser i husleigerett

På Nærmiljøskulens 4. kurskveld i byrjinga av november, stilte Leieboerforeningen mannsterke for å undervise i husleigerett.
Dagleg leiar Lars Aasen innleia om LBFs forhold til kommunale leigetakarar. Dei siste åra har det mangla ein stabil interesseorganisasjon for desse leigetakarane, og LBF ynskjer difor å satse meir på kommunale gårdar.

Blant medlemmane våre har vi allereie leigetakarar i kommunale gårdar, og sakene til desse medlemmane skil seg ikkje vesentleg frå sakene til andre medlemmar. Imidlertid knyt deg seg spesielle utfordringar til bumiljø i ein del kommunale gårdar, noko mellom anna Rikserevisjonen slo fast i undersøkjinga av tilbodet til vanskelegstilte på bustadsmarknaden. Utover LBFs spisskompetanse på husleigerett og engasjement for styrkjing av leigesektoren generelt, har vi også engasjert oss i kommunal bustadspolitikk i mange år. I tillegg engasjerar vi oss i bumiljøarbeid gjennom mellom anna Nærmiljøskule-prosjektet på Sagene, og vi meinar difor at vi er godt rusta til å hjelpe kommunale leigetakarar med utfordringar knytta til både leigehøve og bumiljø.

Husleigerett på Nærmiljøskulen
Advokatfullmektig Ragnhild Løseth informerte dei oppmøtte om husleigelovas grunnleggjande innhald, mellom anna dens ufravikelegheit, rettigheiter og plikter, og regulering av husleigeauke. Skiljet mellom eigar og leigars vedlikehaldsplikt er rota til mange husleigetvister, og det er viktig at leigetakarar er bevisste sitt vedlikehaldsansvar, sjølv om også utleigar pliktar å vedlikehalde husværet, mellom anna installasjonar som må byttast ut etter normal slitasje over tid. Lova slår fast at slitasje som skuldast normal bruk skal belastast eigaren, om ikkje anna er avtalt. Leigetakar har forskjellige virkemiddel til disposisjon dersom leigeobjektet er i dårlegare stand enn forventa, mellom anna krav om prisavslag eller heving av leigeavtala, og leigetakar kan rette opp skada sjølv, og krevje erstatjing for utlegga sine.

Mangel på kunnskap kan bli dyrt
Fleire av dei frammøtte delte frå eigne erfaringar om slike saker. Mange kommunale leigetakarar har investert pengar i oppussing eller oppgradering av husværet, og ikkje sjeldan skjer det at utleigar ikkje vil kompensere for investeringane. Å dokumentere leigeobjektets standard ved innflytting er særs nyttig, men for bebuarar som har budd lenge i samme husvære, er det også viktig å dokumentere feil og manglar grundig undervegs. All kommunikasjon med utleigar bør loggførast, og kvitteringar som viser utlegg er det også viktig å bevare. Oppdagar du feil eller manglar på ditt eige leigeobjekt, må du melde frå so fort som råd er. Har du mistanke om skade på andre leigeobjekt som kan utgjere risiko for husværet ditt, til dømes vasskade, er det også viktig å melde frå til kommuna.

Mange leigetakarar gir opp
På Nærmiljøskulen fekk vi mange døme på leigetakarar som har forsøkt å klage på leigeobjektets stand, men ikkje blitt høyrd, eller leigetakarar som aldri har fått refundert eigne utlegg, men også meir alvorlege historier, om representantar frå kommuna som har krevd erstatning for skade ved utflytting, sjølv om skadene hadde oppstått før leigehøvet starta. I dette høvet hadde leigetakaren både vitner og fotografi som viste at skadene hadde oppstått i forkant, og krav om erstatning vart difor stogga. Samstundes fekk vi også høyre historier om leigetakarar med dårlege norskkunnskapar som hadde store utfordringar i møtet med den kommunale utleigaren.
Det er synd at det skal vere slik at det nesten berre er gjennom LBF at leigetakarar tør å klage vanskelege saker til Husleigetvistutvalet, sa ei av dei frammøtte denne kvelden. Advokatfullmektig Løseth meinar det er ein del saker mellom leigetakar og kommunal utleigar som eignar seg for HTU, men forstår at mange kvir seg for ein slik prosess.
Uansett kan ein kome langt om ein er bevisst på sine rettigheiter, og sakleg og veldokumenterte argument kan langt på veg hjelpe leigetakarar i slike saker.

Stort kunnskapsbehov
Leieboerforeninga trur det er store behov for kunnskapar om husleigerett blant kommunale leigetakarar. For å gjere bebuarar bevisste på rettigheiter, plikter, virkemiddel ved tvister, og gode råd for å unngå erstatningskrav, vil vi fortsetje med kursing i husleigerett i kommunale gårdar i Oslo.

 


Relaterte artikler

Flyktninger og bolig Leieboerforeningen var invitert til møte med kommunalminister Jan Tore Sanner 9. november om hvordan løse boligsituasjonen for de mange tusen flyktnin...

Oslo bystyre sparker nedover Jeg trodde alle i Norge hadde krav på et hjem og et verdig liv. Not True. Det fikk 15 av oss erfare like før jul da det dumpet ned et ufølsomt maskinelt behandlet brev i postkassen: «Husleietilskuddet ditt opphører med øyeblikkelig virkning». Det var ikke som vi levde fett eller over evne, vi hadde akkurat nok til å holde fanden fra døra fra måned til måned. Det er aldri snakk om å gå ut og ta en kaffe eller en øl, møte folk. Det er aldri snakk om å skeie ut. Det er alltid best å finne eller få det man trenger, og kjøpe varer som er gått ut på dato for halv pris.

Prosjekt Trondheim avsluttes Leieboerforeningen har besluttet å stenge lokalavdelingen i Trondheim. Bakgrunnen er manglende finansiering og støtte fra Trondheim kommune. O...

"Eiendomsskatt" - bare for byens fattigste SVs har foreslått å innføre eiendomsskatt vil fra 1. april 2015. Dette ville gitt ca 360 millioner kroner til det felles spleiselaget. Det er det nest...

122 000 vanskeligstilte på boligmarkedet SSB har justert ned antallet vanskeligstilte på boligmarkedet i Norge til 122 000 personer. Dette er personer som bor trangt eller har en økonomisk si...