Nærmiljøskulen: Bebuarens ansvar i kommunale gårdar


  • Publisert: onsdag 22 oktober, 2014 - 21:59
  • Skrevet av: ARA



  • Nærmiljøskulen: Bebuarens ansvar i kommunale gårdar
    Kjende og ukjende fjes i Boligbygg-reality

Oslo kommunes bustadsetat er organisert som eit kommunalt føretak (KF). Boligbygg Oslo KF forvaltar for over 10.000 bustadar, og mange er i dårleg stand. Sjølv om Boligbygg har vedlikehaldsansvar, må bebuarane også sjølve gjere dei kan for å hindre forfall. Forrige veke var det klart for ei ny runde med Nærmiljøskulen i bydel Sagene - eit samarbeidsprosjekt mellom bydelen, Leieboerforeningen, Boligbygg og bebuarar i kommunale gårdar. Denne gongen var det Boligbygg som var kursansvarleg, og tema var leigetakarens vedlikehaldsansvar, og kommunikasjon mellom utleigar og leigetakar. 

Leigetakar må sørgje for god ventilasjon for å unngå sopp- og råteskader i våtrom. Søppel i oppgang og på utsida av søppelstativ tiltrekkjer rotter. Røykvarslaren må ha nytt batteri, og pulverapparatet skal snus to gongar i året.
Bebuarar i kommunale gårdar har små og store utfordringar, og visse plikter følgjer med leigeforholdet. Men kva gjer du når naboen din har slengt søppel i oppgangen, eller viss du ikkje sjølv greier å skifte batteri på røykvarslaren? Og kva om du har prøvd å kontakte Boligbygg for å melde frå om feil og manglar, men ikkje blir høyrd?

Samarbeid mellom leigetakarar, bydel og Boligbygg
I bydel Sagene er det kort veg til bumiljøkontoret, som er lokalisert rett ved Sagene Samfunnshus. Her kan bebuarar få hjelp til å kontakte Boligbygg, dei kan få batteri til brannvarslar eller nytt brannslokkingsapparat, og Boligbyggs førstelinjeteneste er ofte innom kontoret. Boligbygg lovar at dersom leigetakarar brukar kontaktskjemaet på heimesidene, vil dei bli oppringt i løpet av kort tid. Men ikkje alle er nøgde med tenestene, og fortel at dei ikkje har fått tilbakemeldingar frå føretaket. Det kan komme av at Boligbygg har brukt utdaterte kontaktopplysningar, forklarar Hans, frå Boligbyggs avdeling i bydel Sagene. Dersom leigetakaren snakkar dårleg norsk, kan det vere lurt å oppgje kontaktinformasjon til nokon som beherskar språket betre, til dømes ein nabo, eller eldre born i husstanden. Boligbygg er stadig ute i gårdene for å følgje opp meldingar frå leigetakarane, og informasjonsarbeid er ein viktig del av jobben. Difor har Boligbygg i samarbeid med Husbanken laga små informasjonsfilmar som tek føre seg leigeforholdet, til dømes husdyrhald, brannvernutstyr, strømregning, tjuveri og søppel i oppgangen. Filmane, med Karl Sundby i ei av hovedrollene, kan du sjå på Boligbyggs heimesider.