Bydel Sagene tar nasjonal bustadstrategi på alvor


  • Publisert: mandag 13 oktober, 2014 - 20:56
  • Skrevet av: ARA



  • Bydel Sagene tar nasjonal bustadstrategi på alvor
    Mange gode krefter i samarbeid på Nærmiljøskulen

Nærmiljøskulen er ein felles dugnad mellom bydel Sagenes bumiljøavdeling, Leieboerforeningen, Boligbygg, NAV og bebuarar i kommunale gårdar. Her har aktørane skapt ei felles plattform der både offentlege aktørar og bebuarar er likeverdige deltakarar.

Nærmiljøskulens fokus er at bebuarane skal bli betre kjende med sine rettigheiter og plikter, og at dei skal bli betre rusta til å handtere kvardagen, med eller utan hjelp frå det offentlege. For nokre år sidan fekk kommunaldepartementet og kommunene refs frå Riksrevisjonen for dårlege bumiljø i kommunale gårdar. I regjeringas nye bustadpolitiske strategi, Bolig for velferd,  fokuserast det også på bumiljøet, og mellom anna har styresmaktene slått fast at
kommunen skal legge til rette for god utforming av bygde omgivelser, gode bomiljø og og gode oppvekst- og levekår. Med gode bomiljø menes mange nok boliger, og boliger og nærmiljø av god kvalitet.
På Nærmiljøskulen er det bebuarane sjølve som avgjer tema, og denne gongen var det born og unges oppvekstkår som sto på programmet.

Ungdomsklubben er viktig
Både for born, ungdom og foreldre er trygge og gode opphaldsstadar ein viktig føresetnad. Bydel Sagene har eit godt fritidstilbod med fritidsklubb og ungdomsklubb, og bydelen har fleire ansatte i forskjellige avdelingar som jobbar med borns oppvektskår. Tillitt mellom dei ansvarlege for fritidstilboda og foreldre er viktig. Dei ansatte i ungdomsklubben ungMetro oppmodar foreldra til å stole på at klubben er ein trygg opphaldsstad. Som eit døme fortel Tom frå bydelspolitiet at det tidlegare har vore ordningar der dei eldste ungdommane har ansvar for å følgje dei yngre brukarane av klubben trygt heim på kveldstid. Slike tiltak er enkle å få i stand, og aukar tilliten til klubben.

Følg med på borna dine
Beate og Tom frå bydelspolitiet oppmodar foreldra om å observere og prøve å forstå borna sine. Det er tross alt vi som foreldre som er dei viktigste omsorgspersonane i livet til borna. Vi må sjå borna, og vi må undersøkje og vere på vakt. Viss bornet ditt har vondt i magen kvar morgon, så er det kanskje noko bakanforliggjande - noko kan ha skjedd på skulen. Politiet fortel om enorme verdiar som forsvinn i skulegården. Har bornet ditt med seg kle eller ting heim som du ikkje kjenner igjen? Spør kor tinga kjem frå, og sjekk gjerne med andre vaksne dersom bornet ditt har "lånt" noko.
Det er viktig å ikkje vere naiv. Bydelspolitiet fortel om "sprittaxien" som køyrer rundt og sel billeg alkohol til born på Sagene og andre stader, og om at det har vore mange rapporteringar av tjuveri frå butikkar i nærområdet rundt skulane, med svært unge gjernigspersonar. Nokre foreldre har også observert ukjende vaksenpersonar som har gitt pengar til born. Kvifor gjer dei dette? Kan det vere betaling for at born utfører kriminelle handlingar?
Born som kjenner seg utelatte eller midreverdige, har større sjanse for å gjere feilvurderingar, fortel bydelspolitiet. Dersom nesten alle i vennegjengen har fått lommepengar og går saman for å kjøpe brus og godteri etter skulen, er det ikkje lett for den som ikkje får ta del i fellesskapet. Vi kan ikkje krevje at alle foreldre skal gi borna sine lommepengar, men at foreldra snakkar seg i mellom og finn ut av kva som er riktig å gi i lommepengar, er eit enkelt tiltak som kan vere med på å hindre at nokre born føler seg urettferdig behandla.

Natteravner i ny drakt
Natteravnane er eit kjærkome innslag i bybildet når mørkret omfavnar byens gater, og politiet har gode erfaringar med foreldre som er synlege på kveldstid. I bydel Sagene har det tidlegare vore patruljar på kvelds- og nattestid. Deltakarane på Nærmiljøskulen skal no organisere seg for å starte med nærmiljøpatruljer i samarbeid med politiet. Politiet understrekar at det er viktig at slike patruljar er bevisste si eiga rolle, og at det ikkje utviklar seg til eit borgarvern der foreldra aktivt går inn i situasjonar som er under politiets ansvarsområde. Difor vil politiet vere med på å starte opp patruljegrupper, og opplyse om korleis vanskelege situasjonar skal løysast. Men Natteravn-begrepet ynskjer foreldra i dei kommunale bustadane å fornye. Ingen av dei oppmøtte kjente tilknytjing til namnet, og ingen kunne svare på kvifor det eigentleg heitte Natteravn. Dermed skal foreldra opprette ei eiga gruppe med eit nytt namn, men føremålet blir det same som etablerte Natteravn-grupper; å vere tilstades, vere synlege, observere og tilkalle hjelp dersom det er naudsynt.

Fleire kurskveldar
Neste gong er det Boligbygg som har ansvar for Nærmiljøskulen. Boligbygg er eit kommunalt føretak, og med sine 10.000 bustadar, er dei ikkje berre Oslos største utleiger, men også ein av dei største eigedomsforvaltarane på landsbasis. Boligbygg husar heile 25.000 bebuarar, og dei har mange utfordringar, og eit årleg vedlikehaldsetterslep på om lag 1,4 milliardar kroner.
Seinare i haust skal dessutan Leieboerforeningens advokatfullmektig Ragnhild Løseth guide bebuarar gjennom plikter og rettigheiter dei har som leigetakarar i kommunale bustadar.