Vil ha uavhengig bustadprisstatistikk


  • Publisert: torsdag 18 september, 2014 - 20:53
  • Skrevet av: ARA



  • Vil ha uavhengig bustadprisstatistikk
    Eigedomsbransja har eigainteresse, meinar Forbrukarrådet (Foto: Kjell Håkon Larsen)

I ei pressemelding i dag etterlyser Forbrukarrådet ein uavhengig bustadprisstatistikk. Direktør Randi Flesland meinar statistikken bør liggje hos ein uavhengig instans, som til dømes Statistisk Sentralbyrå.

I dag er det Eiendom Norge, eigedomsmeklarane sitt bransjeforbund, som er den leiande leverandøren av bustadprisstatistikk. På nettsida til bransjeorganisasjonen publiserast prisstatistikken månadleg.

-Andre enn eigedomsmeklarane og føretaka deira må eige bustadprisstatistikken, uttalar Flesland i ei pressemelding. Ho meinar at ansvaret for statistikken burde liggje hos ein aktør som ikkje har eigainteresse av å tolke prisutviklinga i eigedomsmarknaden, og at dei mange private aktørane som uttalar seg om bustadprisstatistikken bidreg til å forvirre kjøparane heller enn å veileie. Dessutan meinar Forbrukarrådet at statistikkane ikkje er nøyaktige nok, sidan dei viser gjennomsnittet, medan kundane ofte er interessert i å vite noko om eit visst område.

Kritikken vart også lagt fram på ein konferanse om bustadmarknaden, arrangert av mellom anna Norges Eiendomsmeklerforbund. Det gjenstår å sjå om Statistisk Sentralbyrå tek utfordringa.